Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Adressering

Adressering
Formålet med eit adressesystem er å sørge for at alle på ein lett og forståeleg måte kan identifisera og finna fram til bygningar, åtkomst til bygningar, bustadar eller andre stadar det er viktig å finna fram til. Adresser vert ført i matrikkelen og skal bidra til eit felles adressesystem for heile landet.

Kommunen har ansvaret for tildeling av offisielle adresser, namnsetjing av vegar, nummertildeling og skilting. Namnsetjing av vegar er ei politisk avgjerd kor mynde er delegert til Hovudutval for samfunn og kultur, medan nummerering er overlate til administrasjonen.

 

Kva er gateadresse?
Ei offisiell adresse er den fullstendige adressa for ein bygning, bygningsdel, brukseining, eigedom eller anna objekt som er registrert med adresse i eigedomsregisteret matrikkelen. Adressa er samansett av eit vegnamn og eit husnummer. Offisielle adresser skal tildelast bygningar som blir brukt til bustad- eller fritidsføremål, til næringsverksemd eller til offentleg eller publikumsretta verksemd. Kommunen kan tillegga andre eigedommar eller lokale offisiell adresse dersom det er føremålstenleg.

 

Korleis vert husnummer tildelt?
Ein bygning skal ha adresse knytt til den vegen som er godkjent som åtkomst. Adressenummer på høgre side av vegen (sett frå starten på vegen) får oddetal, medan einingar på venstre side får partal.

Kommunen brukar kartverket sin adresserettleiar når dei tildeler ei adresse.

Husnummerskiltet er huseigaren sitt ansvar. Skilta må vere utforma og plassert slik at dei er lette å finne og lette og lese frå vegen. I Klepp ynskjer me at flest mogleg brukar standard nummerskilt og at skiltet vert plassert til venstre for inngangsdøra, ev. på venstre side av porten eller anna synleg stad dersom huset ligg langt frå vegen. Standard nummerskilt har svarte tal (høgde 105 mm) på kvit, reflekterande bakgrunn.

 

Kva om ein er misnøgd med adressa?
Vedtak om vegnamn er endeleg og kan ikkje klagast på, men ein kan klage på feil tildelt adressenummer/brukseiningsnummer og avgjerd om kva veg adressa skal referere til. Høvet til å få endra adressa er avgrensa. Det skjer normalt berre dersom kommunen har gjort ein feil eller dersom eigedommen har fått tilkomst frå ein annan veg enn tidlegare.