Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Uønska artar

Villmink
Mink er ein framandart som har etablert seg i den norske naturen. Den er innført som pelsdyr, og bestanden som nå finst i norsk natur er etablert av rømlingar frå oppdrett. I følgje NINA sin rapport kan det tyde på at bestanden har gått tilbake i Sør- og Midt-Norge. Minken trivst i nærleiken av vatn, og den kan gjere stor skade på fuglelivet langs kysten og langs ferskvatn. Den er ein art som ikkje er ønska i norsk natur. Dersom du ser minkfeller rundt om i kommunen må ikkje desse øydeleggjast, desse vert sjekka. Det er berre minken som går i fella som må bøte med livet, andre artar som finn vegen inn i fella vert sloppe ut.

Fakta om minken

 

Kjempespringfrø
Dette er ein hageplante som vi ikkje vil ha spreidd ut i naturen, ein uønska framand art. Den er fin å sjå på, men tar seg til rette og fortrenger dei stadeigne artane. Planten er ettårig, den kan bli mellom 70 – 200 cm høg og den produserer om lag 4000 frø. Frøkapselen opner seg ved berøring og då kaster den føra opp til 4-6 m, det vil sei at den kan spreie seg raskt over større områder. Noko som er årsaken til at den er vurdert til å utgjere høg risiko mot det stadeigene biologiske mangfaldet.

Fakta om kjemespringfrø