Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

Miljøsertifisering

Offentlege og private verksemder kan miljøsertifiserast. Sertifiseringa fører med seg at verksemda gjennom eit målretta arbeid dokumenterer miljøprestasjonar. I mange tilfelle er miljøsertifisering også økonomisk lønsamt. Det finst fleire forskjellige sertifiseringsordninger i Norge i dag. De vanligste er Miljøfyrtårn og ISO 14001.

Fleire private verksemder i Klepp kommune er miljøsertifisert i Miljøfyrtårnordninga, og stadig nye kjem til.


Miljøfyrtårn blir drifta av ein stiftelse som har hovudkontor i Kristiansand. På stiftelsens heimeside er det meir informasjon om ordninga. ISO 14001 er ei internasjonal sertifiseringsordning som fleire selskap i Norge har høve til å sertifisere etter.