Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook

  • Language

Velferdsordningar

Velferdsordningar i landbruket som avløysing ferie og fritid, avløysing ved sjukdom mv, landbruksvikar og tidlegpensjon.

Avløysing ferie og fritid

For avløysartilskot ferie og fritid er søknadsfristen 20.januar.

Søknaden kan leverast i tidsrommet 1. januar til og med 20. januar. Den kan leverast både elektronisk via Altinn eller på papir til kommunen.

Det er felles søknadsskjema for avløysartilskot ferie og fritid og produksjonstilskot. 

Her finn du Altinn.no

Her finn du link til papirskjema SLF-052

Ordninga skal gi bønder som driv med husdyrproduksjon ei mulegheit til ferie og fritid ved å få tilskot til å leie inn hjelp. Ordninga er heimla i forskrift om tilskot til avløysing

Avløysartilskot ved sjukdom mv.

For å kunne søkje om avløysing ved sjukdom skal det nyttast søknadsskjema SLF-151. Dette skjemaet finn du her på Landbruksdirektoratet sine sider.

Tilskotet skal bidra til å finansiera avløysing til føretak med husdyrproduksjon eller heilårs veksthusproduksjon når ein som har næringsinntekt frå føretaket ikkje kan delta i arbeidet som følge av sjukdom mv. I onnetida frå 15. april til 1. oktober, kan tilskotet også finansiere avløysing i føretak med planteproduksjon og honningproduksjon.

Det kan ytast tilskot ved sjukdom, svangerskap og fødsel, ved følge av sjuke born til sjukehus/spesialist, eller dersom barnet har ein kronisk sjukdom og ved dødsfall. Her kan du lese meir om tilskotet og krav til søkjar.

Avløysartilskotet skal bidra til å dekkje utgifter til løn, feriepengar, arbeidsgjevaravgift og avgiftspliktig køyregodtgjering til avløysaren. Ordninga er heimla i forskrift om tilskot til avløysing.

Landbruksvikar

Landbrukstenester Jæren BA formidler landbruksvikartenester for Klepp. Landbrukstenester Jæren BA kan kontaktast på tlf 51 42 98 99 eller 48 25 30 60. Den kommunale landbruksvikarordninga vart avvikla for fleire år sidan.

Tidlegpensjon for jordbrukarar

Jordbrukarar som har fylt 62 år og som har drevet jordbruk i minst 15 år, kan motta tidlegpensjon. Det vert stilt krav til næringsinntekt i ein referanseperiode på 5 år. Fylkesmannen kan gi dispensasjon frå inntektskrave på nokre av områda. Det er og ein føresetnad at landbrukseigedomen er overdradd til ny eigar. Ny eigar kan ikkje vere ektefelle/sambuar. Meir informasjon finn du her på Landbruksdirektoratet sine sider.

For å kunne få tidlegpensjon må det søkjast på eige skjema, SLF-108. Skjemaet kan lastast ned frå Landbruksdirketoratet sine sider, eller få ved å henvende deg til landbruksavdelinga i kommunen. Kommunen kan svare på eventuelle spørsmål og gjere ei førehandsvurdering.

Ordninga er heimla i forskrift om tidlegpensjon til jordbrukarar