Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook

  • Language

Tilskotsordningar i landbruket

Landbruket forvaltar ulike økonomiske verkemidlar i jord- og skogbruket. Du må gjerne ta kontakt med oss dersom du ønskjer informasjon om nokon av tilskotsordnigane, skjema eller anna hjelp i høve til tilkot.

 Produksjonstilskot i jordbruket

Søknadsfristane er 20. januar og 20. august

Produksjonstilskot er den største tilskotsordninga i landbruket. Vilkåra for å kunne søkje om tilskot er at føretaket må vere registrert i Brønnøysundregistrene med eige organisasjonsnummer. Det er ikkje lenger krav til omsetning på over kr 20.000 for å kunne søkje om tilskot, men botnfrådraget er auka frå kr 3.000 til  kr 6.000.

Kvafor delordningar som inngår i produksjons-, avløysar- og pristilskot og når det kan søkjast om det enkelte tilskot,kan du trykkje på lenken under.

Vilkår og rettleiing på Landbruksdirektoratet sin nettside

Søknadane vert behandla av kommunen. Kommunen kan yte bistand og gi rettleiing for nyetablerte brukarar.

 Her kan du søkje produksjonstilskot elektronisk via Altinn

 

Frå 2017 vert det eit nytt søknadssystem for produksjonstilskot. Januaromgangnen med teljedato 1.1 og søknadsfrist 20.1 er den siste i gamalt system. Nytt system vert teke i bruk frå 1.5.2017. Det vert då ein teljedato med registerering i nytt system 1.5 med søknadsfrist 15.5 og ein teljedato 1.10 med søknadsfrist 15.10. Alle må søkje elektronisk og det er ikkje mulig å levere søknad etter den 15.5 eller 15.10.

De kan lese meir om den nye ordninga på Landbruksdirektoratet sine sider

og i dette skrivet frå Landbruksdirektoratet

 Regionalt miljøprogram i jordbruket - RMP tilskot

Søknadsfrist 20. august - merk ny søknadsfrist frå 2015.

Her kan du søkje RMP elektronisk via Altinn

Opplysningane du legg inn i søknaden i år kan hentast fram att til neste år. Tilskotet vert vanlegvis utbetalt i mars månad året etter.

Tilskotsordninga er etablert for å oppretthalde kulturlandskapet og minske/hindre ureining frå landbruket. Tiltaka og satser blir bestemt ut i frå det Fylkesmannen i Rogaland ser på som dei største miljøutfordringane i sitt fylke og satsane kan verte justert årleg.

Her er link til regionalt miljøprogram for jordbruket i Rogaland som gjeld frå og med år 2013 til utgangen av 2016.

Nokon av tiltaka krev at du har miljøplan trinn 2 eller skjøtselsplan. 

Dersom du har spørsmål til søknad om RMP, kan du ta kontakt med landbrukskontoret i kommunen eller finne meir informasjon på:

 Tilskot til spesielle miljøtiltak i landbruket - SMIL - midler

Du kan søkje om tilskot til spesielle miljøtiltak i landbruket ved å fylle ut følgjande skjema:

Søknadsskjema om SMIL-midler (SLF-430)

 

Søknadsfrist 15. mars og 15. september

 

Formålet er å fremje natur- og kulturminneverdiane i jordbrukets kulturlandskap og redusere ureininga ut over det som kan forventast gjennom vanleg jordbruksdrift.

Prosjekta og tiltaka skal prioriterast ut frå lokale målsettinar og strategiar.

Her finn du strategisk tiltaksplan for miljøverkemidlane i landbruket 2015 - 2018

SMIL-ordninga er fastsatt i forskrift om tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket

 Tilskot til grøfting av jordbruksareal - drenering

Tilskotet utgjer inntil kr 1.000 per dekar eller kr 15 per løpemeter ved mindre grøftearbeid. Tilskot under kr 3.000 vert ikkje utbetalt.

  • Arealet må tidlegare ha vore grøfta og arbeidet må ikkje vere igangsett.
  • Det må liggje føre ein godkjent grøfteplan før arbeidet vert sett igang 
  • Kommunen betalar ut tilskotet etter at søkjar har dokumentert at tiltaket er gjennomført og det ligg føre eit grøftekart.
  • Tiltaket må gjennomførast innan 3 år frå då søknaden vart innvilga.

Det skal leverast inn grøfteplan og miljøplan trinn 2 saman med søknadsskjema.

Link til søknadsskjema

Link til mal for grøfteplan og miljøplan trinn 2

Føremålet med drenering er å auke kvaliteten på tidlegare grøfte jordbruksjord til fordel for både avlingar og miljø. Det er og eit viktig ledd i å tilpasse jordbruket til eit endra klima med meir nedbør.

Tilskot til drenering kan ikkje gis der tiltaket medfører:

  • vesentleg skade for annan eigedom og naturmangfald
  • vesentleg fare for flaum og ureining
  • fare for skade på automatisk freda kulturminne

Meir informajson på Landbruksdirektoratet sin nettside om drenering

 Bygdeutviklingsmidlar (BU-ordninga)

Er du bonde og har behov for å investere i driftsbygning eller utvikleny næring på garden? Då kan du få støtte gjennom fylkesvise bygdeutviklingsmidlar. Ein føresetnad er at tiltaket er miljømessig forsvarleg.

Landbrukskontoret i kommunen kan bistå med søknader om støtte til tiltak som er prioritert i tråd med gjeldande landbrukspolitikk. Du kan få hjelp til utforming av søknad og orientering om mulegheitane for finansiering.

For meir informasjon om kva som er prioriterte satsingsområder og kvafor krav som vert stilt til søknaden, sjå

Nytt for hausen 2016: To søknadsfristar i året for midlar som skal nyttst  innan tradisjonalet landbruk, desse er 1. mars og 1. oktober.