Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook

  • Language

Skogbruk

Skogbruk i Klepp

Det totale skogsarealet i Klepp utgjer snaut 3 % av landarealet. I dette inngår lauvkratt, lebelter m. m. og skogbruket har svært avgrensa næringsmessig verdi i Klepp. Skogsareala er viktige for kulturlandskapet og det biologiske mangfaldet.

All skog i Klepp er vernskog. Det vil seie at skogen er ikkje freda, men skal vere et vern for bygningar og landskap mot ver og vind.

Hogst i skog skal meldast til kommunen på eige skjema, og her finn du dette skjemaet.

Skogfond

Skogfond skal sikre at du som skogeigar har midler til å finansiera investeringar på din skogeigedom. Skogfond er ein tvungen fondsavsetning heimla i skogbruksloven.

Ved tømmerhogst skal dein del av derdien på tømmeret settjast av på skogfond. Beløpet som blir sett av til skogfond er ikkje skattepliktig. Skogfondsmidla er knytt til skogeigedomen og pengane kan kun nyttast til aktivitetar knytt til skogeigedomen. Inneståande skogfondsmidlar følgjer eigedomen ved eigarskifte. Skogeigar har ikkje krav på renter av det som står inne på fondet. Rentemidlar går til administrasjon av skogfondsordninga, eventuelle tap ved ordninga, til ulike rådgjevningstiltak og områdsvide skogbruksplanar.

Det er muleg å sjekke saldo ved å logge seg på www.skogfond.no

På Landbruksdirektoratet sine sider finn ein meir om skogfond

Ein del kulturtiltak i skogen kan dekkjast av skogfondet. Ved utbetaling får du delvis skattefritak, med unntak av utbetaling som skal gå til å dekkje meirverdiavgift. Frist for krav om refusjon er seinast året etter investeringa, men det er lurt å fremje kravet snarleg etter investeringa.

For utbetaling av skogfond nyttes skjemaet LDIR-909

Nærings- og miljøtiltak i skogbruket (NMSK)

Føremålet med denne ordninga er å stimulere til auka verdiskapning i skogbruket, samtidig som miljøverdiar knytt til biologisk mangfald, landskap, friluftsliv og kulturminne i skogen vert ivaretatt.

Tiltak som kan vere aktuelt å støtte er ungskogpleie, muljøretta tiltak og nyplanting i skogbruket, område tiltak, planlegging av fellestiltak, informasjon og registrering.

Søknad om NMSK - tilskot vert behandla av kommunen, der kommunen sin tiltaksstrategi skildrar føremål som vert prioritert og gjeldande tilskotssatser. 

Her finn du strategisk tiltaksplan for miljøverkemidlane i skogbruket 2015 - 2018.

For å søkje om NMSK - milder nyttar du skjemaet LDIR-911