Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

Konsesjon og landbrukseigedom

Her finn du litt om gardskart, konsesjon, eigenfråsegn, buplikt og odel.

Gardskart

Gardskart er eit kart som viser arealressurser og arealtal for kvar enkelt landbrukseigedom. Kartgrunnlaget vert oppdatert jamleg hjå kommunen. Tenesta er tilrettelagt for landbruksforvaltninga, eigarar og brukarar av landbrukseigedomar, men åpen for alle. Der er difor viktig at alle melder frå til kommunen når eit omsøkt og godkjent tiltak er gjennomført, slik at kartdata kan oppdaterast.

For gardskart på nett klikk her

Konsesjon

Dersom du erverver ein eigedom, kjøper, mottar eller arver, kan det vere konsesjonplikt på eigedomen i høve til konsesjonsloven, med mindre du er odelsberettiga eller i nær slekt med overdragar som har konsesjonshøve sitt i orden.

Føremålet med konsesjon er å oppnå eit effektivt vern om landbrukets produksjonsareal og eigar- og brukshøve som er best for samfunnet.

Konsesjonsloven inneheld mange unntak, og det er berre nokre få prosent av eigedomserverv kvart år som er konsesjonspliktige:

  • Dersom ny eigar er i nær familie med tidlegare eigar som har sitt konsesjonshøve i orden, då er det ikkje behov for å søkje konsesjon.
  • Når konsesjonsfrie erverv skal tinglysast, må den nye eigaren dokumentera at ervervet er konsesjonsfritt

Eit vanleg høve der det ikkje er behov for konsesjon er at det står hus på ein eigedom som er mindre enn 100 dekar totalt eller har mindre enn 25 dekar fulldyrka ogoverflatedyrka jord.

Søknad om konsesjon sender du til den kommunen der eigedomen ligg. Det er kommunen som vurderer og avgjer alle konsesjonssøknadar. Fylkesmannen er klageinstans. Ved behandling av konsesjonssøknadar er det eit gebyr på kr 1.875 for administrativ behandling  og eit gebyr på kr 5.000 ved politisk behandling.

For meir informasjon om konsesjon, sjå Landbruksdirektoratet sine sider

Skjema SLF-359 for søknad om konsesjon på fast eigedom

Konsesjonsfridom og eigenfråsegn

Ved omsetning av ein del eigedomar krev Tinglysinga (Statens kartverk) at det vert lagt ved skjemaet eigenfråseg ved konsesjonsfridom.

Her finn du skjemaet for eigenfråsegn ved konsesjonsfridom SLF-360

Eigenfråsegna viser at ervervet ikkje er konsesjonspliktig, og kva unntak som gjeld i lova. Skjemaet dekkjer mange ulike unntak, sjå derfor i rettleiinga dersom du er usikker på kvafor punkt du skal fylle ut. Kommunen kan også rettleie deg om utfylling av eigenfråsegn.

Skjemaet skal først innom kommunen for å få signatur og stempel før det kan sendast Tinglysninga. Før kommunen kan signere/stemple må ny eigar (ervervar) signere skjemaet.

Buplikt

I konsesjonslova finst det tre former for buplikt. Lovbestemt buplikt er er for nær slekt eller odelsberettiga som overtar landbrukseigedom. Buplikt kan og settast som vilkår i konsesjonssak. For små eigedomar kan buplikt vere vilkår for konsesjonsfridom i ein kommune med forskrift om nedsatt konsesjonsgrense (nullgrense). Klepp kommune har ikkje vedteke ei slik forskrift.

Buplikt inneberer at du innan eitt år frå overtaking må busetje deg på eigedomen og bu der i minst 5 år. Dersom du ikkje har til føremål å oppfylle buplikta må du søkje konsesjon. I vurderinga av søknaden om konsesjon skal kommunen leggje særleg vekt på:

  • pris
  • omsyn til busetting i området
  • om overtaking av eigedomen inneberer ei driftsmessig god løysing
  • om overtaking ivaretar omsynet til ein heilskapleg ressursforvaltning og til kulturlandskapet
  • eigedomens storleik, avkastningsevne og hushøve

Din tilknytning til eigedomen og livssituasjon kan tilleggjast vekt som korrigerande moment.

Relevant regelverk om buplikt og søknadsskjema for konsesjon finn du på Landbruksdirektoratet sine sider

Odel

Odelslova har reglar om odelsrett og åseterett. Landbruksdirektoratet er nasjonal fagmyndigheit for odelslova. Det betyr at dei svarar på generelle spørsmål om lova.

Her finn du informasjon om odel