Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook

  • Language

Jordbruk

Her finn du litt informasjon om jordvern, driveplikt på jordbruksareal, nydyrking, miljøkrav, ugras, erstatningsordningar og autorisasjon for kjøp og bruk av sprøytemidler.

Jordvern

Dyrka jord er eit resultat av tusenvis av år med naturlege jordsmonnsdannande prosessar. Dyrka jord utgjer berre omlag 3 % av landarealet i Noreg. Det er ein ikkje - fornybar ressurs fordi det tek svært lang tid å danne matjord. Berre litt over 1/3 av dette er egna til matkornproduksjon. Bevaring av dyrka jord er eit vilkår for å sikre matforsyninga i landet både på kort og lang sikt.

Driveplikt på jordbruksareal

Dersom du eig eit jordbruksareal, har du driveplikt etter § 8 i Jordlova. Areal som skal drivast er fulldyrka-, overflatedyrka- og innmarksbeite areal.

Driveplikta i samhøve med jordlova kan oppfyllast ved at areal blir leigd vekk som tilleggsjord til annan landbrukseigedom. Ein føresetnad er at leigeavtala er på 10 år om gongen utan at eigaren har høve til å seie opp avtala. Avtala må vere skriftleg og føre til driftsmessige gode løysingar. Kopi av leigeavtala skal leverast kommunen.

Meir informasjon om dette finn du her på Landbruksdirektoratet sine sider.

Nydyrking

Dersom du har planar om å dyrke nye areal til jordbruksføremål, må du søkje kommunen om godkjenning. Det skal utarbeidast plan for nydyrkingsabeidet med kart over området som skal nydyrkast. Det kan vere ein fordel å leggje ved ein plan for drenering på omsøkt område.

Her finn du søknadskjema for godkjenning av plan for nydyrking SLF-0160

Landbruksføretak som mottar produksjonstilskot kan ikkje, utan samtykke frå kommunen, føreta inngrep av negativ betydning for kulturlandskapet.

Slike inngrep kan vere:

  • kanalisering og lukking av elver og bekker
  • lukking av opne grøfter
  • oppdyrking av skogbryn, kantsoner og andre restareal mot innmark
  • fjerning av åkerholmer, steingjerde og gamle rydningsrøyser
  • planering av jordbruksareal, massefylling
  • oppdyrking eller fjerning av ferdselsårer
  • sprøyting av kantvegetasjon og åkerholmer, med mindre dette er eit ledd i skjøtselsen av kulturlandskapet

Normall skjøtsel av eigedomen vert ikkje rekna som slike inngrep.

Inngrepa som er nemnt ovanfor kan kreve særskilt tillatelse etter anna regelverk som jordlova, vannressurslova, naturvernlova, kulturminnelova, plan- og bygningslova eller naturmangfaldslova.

Mot vassdrag og kanalar skal det avsetjast fem meters vegetasjonssone som ikkje skal jordarbeidast.

Gjødslingsplan og journal over plantevernmidler

Alle som søkjer om produksjonstilskot må oppfylle krava om gjødslingsplan og journal over plantevernmidler for å kunne få fullt tilskot. Det skal utarbeidast gjødselplan før kvar vekssesong, og tas jordprøvar regelsmessig. Spreieareal - og spreiearealsavtalar inngår i gjødslingsplanen.

Manglande eller mangelfull gjødslingsplan og/eller journal over plantevernmidler vil føre til ei avkorting av tilskot.

Viser her til forskrift om gjødselplanlegging

Viser til § 11 tredje legg i forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket.

Landbruksveg

Bygging av landbruksvegar er søknadspliktig. Dette for å sikre at omsynet til miljø, kulturminne, landskap og andre interesser som landbruksvegen kan få følgjer for vert ivaretatt.

Søknaden skal sendast til den kommunen som veganlegget er. Naboar skal varslast om tiltaket.

Søknadsskjema SLF-902 finn du her på Landbruksdirektoratet sin side

Her finn du Normalar for bygging av landbruksvegar

Erstatningsordningar

Avlingsskade 

Erstatning kan gis til jord- og hagebruksføretak med monaleg avlingssvikt på grunn av klimatiske høve som det ikke er muleg å sikre seg mot.

Meld frå i tide! 

Før du søkjer om erstatning må du melde frå om skaden til kommunen. Dette må gjerast så snart du er klar over at skade har skjedd eller kan oppstå. Det blir ikkje gitt erstatning til eit føretak som ikkje har meldt skaden. Dette er for at kommunen skal ha mulegheit til å kontrollere kva som var årsaka til skaden.

Søknadsfrist for avlingssvikt er 31. oktober det året skaden oppsto. 

Du kan søkje erstatning elektronisk via Altinn

Søknaden vert attestert av kommunen og behandla av Fylkesmannen. Landbruksdirektoratet er klageinstans.

Meir informasjon finn du her på Landbruksdirektoratet sin side

Vinterskade 

Dersom du har fått store vinterskade på enga som må utbedrast for å redusere avlingssvikt, kan du søkje om økonomisk støtte.

Vinterskade vert definert som skade forårsaka av frost, isdekke, vatndekke, uttørking, oppfrysing ogbiotiske høve som overvintringssopp.

Før du utbetrar skaden må du melde frå om skaden til kommunen. Kommunen skal kontrollere arealet. Frist for å utbetre skadd areal er 15. juni og frist for å søkje om erstatning er 15. juli.

På Landbruksdirektoratet sin side finn du rettleiing om avlingsskade og søknadsskjema

Du kan søkje elektronisk ved å klikke her

Ugras

Floghavre

Det er forbode å spreie floghavre! Dersom du har mistanke om floghavre på eigedomen din må du melde frå til landbrukskontoret i kommunen og sende ein planteprøve i ein papirpose til analyse saman med eit registreringsskjema.

Sjå meir informasjon på Mattilsynet sine sider

Høymol

Er eit ugras som er vanskeleg å bekjempe, for frø kan ligge i jorda i 40 år før det spirer og det tåler å gå gjennom ein dyremage. Det vil seie at dersom du har mykje høymol i åkeren din, vil det berre verte meir for kvart år dersom du ikkje driv med ugrasbekjemepelse. Ved sal av grovfôr er det viktig å ikkje selge fôr med mykje innhold av høymol for å hindre spreiing til andre. Høymol har pålerot, og den er lettere å dra opp frå jorda rundt st.hans.

Tistel 

Tistel kan lett ta overhand, særleg på innmarksbeite. Frøa er lette og spreier seg lett med vinden. Viktig å ta omsyn til naboar, og bekjempe ugraset slik at det ikkje spreier seg til naboar og kringliggjande areal.

Hundekjeks 

Denne planten kan lett overta eit areal slik at det vert verdilaust til fôrproduksjon. Ein plante har omlag 10 000 frø og den formerer seg gjennom frøsetting og rotsystemet, det viser kor viktig det er å holde planten vekke frå jordbruksareal.

Autorisasjon for kjøp og bruk av plantevernmidler

Alle som vil forhandle, kjøpe eller nytte plantevernmidler i yrkesmessig samanheng, må ha eit autorisasjonsbevis. Det gjelde bønder og andre yrkesgrupper. Ta kontakt med kommunen for eventuelle spørsmål.

På Mattilsynet sine sider finn du meir informasjon

På plantevernguiden.no kan du finne ei samla oversikt over godkjente kjemiske og biologiske plantevernmidler.

Norsk landbruksrådgivning i Rogaland bruker å ha kurs for nye og fornyingskurs i plantevern. Klikk her for å komme inn på NLR Rogaland sine sider.

Ved fornying av autorisasjonsbeviset kan ein nå ta eit nettbasert kurs. Mer informajson om dette finn du på Mattilsynet sine sider, sjå lenka ovanfor.

Ved å klikke her kjem du direkte til innlogging til fornyingskurset.