Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

Husdyrhald

Her finn du informasjon om dyrevelferd, husdyrgjødsel, husdyrkonsesjon og veterinærvakta

Veterinærvakt

Veterinærvakt for produksjonsdyr og hest (store dyr) kan nås på telefon 51 42 00 00.

For bekymringsmeldingar kontakt Mattilsynet på telefon 22 40 00 00.

Dyr som er påkøyrt og drept ta kontakt med Politiet 02800.

Dyr som er skadd og er på flukt skal Jæren jakt- og fiskelag kontaktast 51 48 87 08

Smådyrvakt - kan du ringje Tu dyreklinikk på 51 78 85 90 - døgnvakt.

Dyrevelferd i landbruket

Husdyr er ein viktig del av norsk landbruk. I Klepp har vi eit variert husdyrhald med mjølkekyr, storfe, gris, høns, sau, slaktekylling, pelsdyr og hest. Dei aller fleste av dyra som vert nytta i produksjon av mat mat og/eller klær (produksjonsdyr) har eigne forskrifter som stiller minimumskrav til korleis dyra skal ivaretakast. Alle som driv med husdyr har eit ansvar for at dyra vert stelt og handtert på ein måte som gjer at dyra har det godt og får oppfylt sin behov.

Du kan finne meir om dette på Mattilsynet sine sider

Husdyrkonsesjon

Husdyrkonsesjon er ei ordning som sett grenser for kor stor produksjon fjørfe og gris eit føretak kan ha. Denne ordninga skal sikre at produksjonen vert fordelt på fleire bruk ved å regulere produksjonsomfanget på det enkelte bruk.

Du kan finne meir informasjon her på Landbruksdirektoratet sine sider

Husdyrgjødsel

Lagring og bruk av husdyrgjødsel vert regulert av Forskrift om gjødselvarer mv. av organisk opphav.

Husdyrgjødsel

  • skal ikkje spreiast i perioden 1. november til og med 15. februar
  • skal ikkje spreiast etter 1. september utan at det vert molda ned
  • skal ikkje spreiast på snødekt eller fossen mark
  • skal i hovudsak spreiast på våren
  • er det krav om minimum 8 månader med lagerkapasitet for. Ved nybygg eller utviding/utbetring av gjødsellager skal kommunen kontrollere og godkjenne bygget. Frittståande gjødselkum skal ha minimum 150 cm høg kant med klatreavvisar på toppen og minimum ein stige på innsida av kummen. I dette området med mykje nedbør bør ein vurdere tak over frittståande kummer, for å ha nok lagerkapasitet.