Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook

  • Language

Feiing og tilsyn med fyringsanlegg

Generelt 

Brann- og feievesenet skal sørgja for feiing og tilsyn med fyringsanlegg, minimum kvart fjerde år. Kor ofte det skal feiast, er avhengig av oppvarmingssystemet, sotmengda osb. i bustaden. Tenesta gjeld berre heilårsbustadar. Fritidsbustadar er unnateke lovpålagd feiing, men kan bli utført etter avtale.

Dersom du meiner det er behov for feiing utanom det ordinære systemet (kvart 4.år) kan du sjølv kontakta feiaren hjå Rogaland brann og redning IKS på tlf 51 50 22 00 for å avtala direkte.

Målgruppe

Eigarar av bygningar med pipe

Kriterier/Vilkår

Det er bygningseigaren sitt ansvar å sørgja for sikker tilkomst til og på taket. Er feiaren avhengig av laus stige for å komma til taket, skal eigaren sørgja for at det er ein stige tilgjengeleg.

Regelverk

Kommunen har plikt til å sørgja for denne tenesta. Sjå òg forskrift om brannførebyggjande tiltak og tilsyn kapittel 7 og 2.

Lov om vern mot brann, eksplosjon og ulukker med farleg stoff og om brannvesenet sine redningsoppgåver (brann- og eksplosjonsvernlova) §11 Brannvesenets oppgaver

Forskrift om brannforebyggjande tiltak og tilsyn

Rettleiing til forskrift om brannførebyggjande tiltak og tilsyn

Praktiske opplysningar

Eigarar av heilårsbustadar med pipe/eldstad som er registrerte i eigedomsregisteret i kommune, vil automatisk bli kontakta. Du får til vanleg levert varsel om feiing eller tilsyn i postkassa di dagen før. Dersom tidspunktet ikkje passar, kan du avtala nytt tidspunkt med feiaren. Dersom det ikkje er klargjort for feiing (folk til stades, framlagt stige eller på anna måte gjeve klar melding om at det kan feiast), vil det ikkje bli feia.. Dersom du ikkje har gjort ny avtale medan feiaren er i området, må du rekna med å venta til neste runde. Ta difor kontakt med feiaren så snart som mogeleg!

Feiaren skal vurdera tilhøve ved fyringsanlegget som har noko å seia for branntryggleiken eller tilkomsten. Er det avvik som ikkje kan rettast på staden, skal feiaren gje deg ei skriftleg tilbakemelding med frist for å retta eller frist for å gje tilbakemelding om når retting blir gjort. Tilsynsstyresmakta kan gje dei nødvendige pålegg dersom dette ikkje skjer.

Er du ikkje nøgd med dei tenestene feiarvesenet gjer kan du ta kontakt med kommunen. Klagenemnda i kommunen er klageinstans for vedtak som er gjort av brannsjefen.