Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

Brannvern og tilsyn

Generelt 

Den som eig eit byggverk skal sørgja for naudsynte sikringstiltak for å forebyggja og avgrensa brann, eksplosjon eller anna ulukke. I tillegg til eigaren har òg brukarane plikt til å sørgja for å halda bygningstekniske konstruksjonar og ulike tryggleiksinnretningar i forsvarleg stand. Kommunen identifiserer og fører tilsyn med såkalla særskilte brannobjekt. Dette er byggverk der brann kan føra til tap av mange liv eller store skadar på helse, miljø eller materielle verdiar. Det blir òg stilt ein del særskilte organisatoriske krav til drifta av særskilte brannobjekt.

Tilsyn

Tilsynsfrekvensen er:

  • bygningar og område der brann kan føra til tap av mange liv - minst ein gong kvart år
  • bygningar, anlegg og likandne som representerer ein særleg brannfare eller der brann kan føra til store samfunnsmessige konsekvensar - minst ein gong kvart år
  • viktige kulturhistoriske bygningar og anlegg - minst ein gong kvart fjerde år

Kommunen seier oftast ifrå om tilsynet på førehand, men kan òg gjennomføra tilsynet utan førehandsvarsling. Brannvesenet vurderer alle tilhøve som kan ha noko å seia for branntryggleiken, både tekniske og organisatoriske tiltak. Dersom dei meiner at tiltaka ikkje er tilstrekkelege, kan brannvesenet gje pålegg om retting/utbetring eller nytta andre reaksjonsmiddel.

Brosjyrer, dokument og liknande

Det finst rettleiingsmateriale om korleis krava til branntrygging skal gjennomførast. 

Direktoratet for samfunssikkerhet og beredskap

Praktiske opplysningar

Kommunen utarbeidar ein rapport etter at tilsynet er utført. Rapporten nemner kva avvik frå krava til brannsikring som er funne, og kva slags nye sikringstiltak det er behov for. Rapporten blir sendt med ein gong til eigaren eller verksemda/brukaren, som skal gje ei tilbakemelding innan ein oppgjeven frist. Tilbakemeldinga skal gi svar på når og korleis avvika vil bli retta opp.

Dersom det ikkje blir gjeve tilfredsstillande tilbakemelding på tilsynsrapporten innan fristen, skal kommunen gje dei pålegga som er naudsynte. Sakshandsamingsreglane i forvaltningslova om varsling med meir, skal følgjast.

Dersom du er misnøgde med vedtak om pålegg, kan du klaga til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottek vedtaket. Forklar kva du er misfornøgd med, og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du venda deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til klageinstansen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje. Direktoratet for samfunnssikkerehet og beredskap er klageinnstans for vedtaket som er gjort av kommunestyret. For alle andre vedtak som er gjort av kommunen, er kommunestyret eller klagenemnda i kommunen klageinstans.

Regelverk

Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningslova)

Lov om vern mot brann, eksplosjon og ulukker med farleg stoff og brannvesenet sine redningsoppgåver (brann- og eksplosjonsvernlova)

Forskrift om brannførebyggjande tiltak og tilsyn

Veiledning for myndighetsutøvelse av tilsyn utført av brann- og feiervesenet

Rettleiing til forskrift om brannførebyggjande tiltak og tilsyn