Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook

  • Language

Skulestart

Ordinær oppstart

Barn starter i grunnskulen det året dei fyller 6 år.

Skulen sender brev til føresette med barn i skulepliktig alder.

Utsett skulestart 

Barnet starter på skulen det året det fyller 7 år. Skriftleg søknad må sendast etat for skule og barnehage. Etter sakkunning vurdering  frå PPT vert det fatta vedtak i saka.

Du kan klage på vedtaket. Klagefrist er 3 veker frå de mottok vedtaket. Klageinstans er Fylkesmannen i Rogaland

Tidleg skulestart

For å få tidleg skulestart må barnet fylle 5 år innan 1 april. Skriftleg søknad må sendast etat for skule og barnehage. Etter sakkunning vurdering  frå PPT vert det fatta vedtak i saka.

Du kan klage vå vedtaket. Klagefrist er 3 veker frå de mottok vedtaket. Klageinstans er Fylkesmannen i Rogaland