Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

Skuleskyss

Rett til skuleskyss

Avstanden mellom skule og heim må overstige:

  • 2 km for 1. klasse/årstrinn
  • 4 km for 2 -10 klasse/årstrinn
  • 6 km for vidaregåande skule

Avstanden vert målt frå dør til dør, og langs kortaste farbare veg eller gang- og sykkelsti. 

Farleg skuleveg

I Klepp kommune er desse vegane definert som særleg farlege eller vanskelege. 

BORE skulekrins

  • RV 507 frå FV 248 (der sykkelstien sluttar) mot Reve.

Dette gjeld for alle årsstega til og med 4. årssteget heile skuleåret frå og med der sykkelstien sluttar.

For 5. – 10. årssteg gjeld dette for tidsrommet 15.10. – 15.3 - Vinterskyss

ORRE skulekrins:

  • Rv 507 på strekninga med 80 km/t sør for Orre gamle kyrkje og til Vikkrossen.

Elevar som bur langs desse strekningane har rett på skuleskyss uansett lengde på skulevegen (1 - 4 trinn)

Skuleskyss ved delt omsorg 
  • Foreldre må søke Kolumbus om skyss ved delt omsorg. Skjema får ein på skulen. Dette leveres administrasjonen på skulen.
  • Skyss kan krevjas til ein eller begge bustadane. 

Krav

  • Det må være delt omsorg med tilnærma 50/50 omsorgsdeling, minimum 40/60
  • Eleven må gå på nærskulen  - skulen nærast der han/ho er folkeregistrert.
  • Foreldre må dokumentere omsorgsfordeling ved å forevise avtale underskrie av begge foreldra. 
  • Avstand mellom bustad og opplæringsstad må vera meir enn 4 km.
  • Akseptabel reisetid  (samlet gang, vente og reisetid) 1-4 trinn 45 min, 5-7 trinn 60 min og 8-10 trinn 75 min. Dersom lenger ventetid enn nevnt vert taxi/særskilt skyss dekka.

Ta kontakt med nærskulen om du har spørsmål 

Skuleskyss for elevar som går på SFO.

Elevar som går på SFO har ikkje rett til skyss til/frå SFO (unntak er elevar med funksjonshemming). 

Midlertidig skuleskyss

Er du midlertideg sjuk eller skadd, kan du ha rett på skuleskyss. 

Søknadsskjema om ekstraordinær skuleskyss

Søknad om ekstraordinær skuleskyss