Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

Skulekrins - Skulebyte

Min skule

Før oppstart på 1. trinn vert det sendt ut brev til føresette om kva skule ein skal møte på, og kva tidspukt.

Elevar skal i utgangspunkt gå på den skulen der dei høyrer til. Skulekrinsane følgjer ordinære krinsgrenser i Klepp.  

Du kan søke om å få bornet ditt inn ved annan skule. Søknad om skulebytte kan gjerast gjennom heile grunnskulen.

Søknad om skulebytte i Klepp 

Søknadsfrist: 1 mars for komande skuleår. Det må liggja føre særskilte grunnar dersom søknader skal innvilgast etter dette. Søknader skal sendast elektronisk til etatskontoret for skule og barnehage, og avgjerast av kommunalsjef.

  • Elevane skal som hovedregel gå på nærskulen.
  • Elevar som flytter får, dersom dei ønskjer det, fortsette på samme skule ut skuleåret.
  • Søknader om skulebytte vil bli innvilga dersom skulen eleven flyttar til, framleis har ledig kapasitet.
  • Føresette må sjølv dekke skyss etter skulebytte.

Søknad om bytte av skule

Søknad om å få gå på skule i Time kommune.

Avtale om krisgrensesamarbeid mellom Time og Klepp kommune:
Utdrag frå avtalen frå 1.8.2009:

  1. Føresette kan få imøtekome søknad til nabokommunen om at elevar kan gå på skule der, dersom skulen har ledig kapasitet. Dei føresette må organisera og kosta skyssen sjølv.
  2. Det blir eit tak på 3 elevar mellom kommunane på kor mange som kan nytta ordninga i punkt 1 kostnadsfritt. Dersom det er meir enn 3 elevar frå kvar kommune som vil nytta ordninga, avgjer avsendarkommune om ein vil innvilga søknad dersom det er plass i mottakarkommune.

Elvar frå Klepp kommune som ønsker å gå på skule i Time kommune må senda søknad til:

Klepp kommune
Etat for skule og barnehage
Postboks 25
4358 KLEPPE