Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

SkuleFritidsOrdninga - SFO

SFO

SFO er eit frivillig tilbod for elevar som treng tilsyn før og etter skuletid. Ordninga gjeld for elevar på 1.–4. trinn. Ein kan og søkje om plass for elevar på 5.–7. årstrinn dersom eleven har særlege behov. Dette må dokumenterast. 

Alle barneskulane har skulefritidsordning (SFO)

Kontakt den enkelte skule for å få meir informasjon.

SFO er ein del av skulen si verksemd. Skulefritidsordninga skal gje gode aktivitetsmolegheiter, med vekt på leik, barna sin eigen kultur og sosialisering.

Barnet sin alder, funksjonsnivå og interesse skal vere utgangspunkt.

Søknad 

Du kan søke om plass i SFO heile skuleåret.

Innhald

Innhald og verksemd skal vera prega av kvalitet. For Klepp kommune er det sett opp fem fokusområde som skal prega innhaldet i SFO:

  1. Leik
  2. Omsorg og sosial trening
  3. Kunst og kultur
  4. Fysisk aktivitet
  5. Lesing

Opningstider

SFO er open elleve månader i året. SFO er stengt i juli.

SFO er open frå kl. 07.00 til kl. 16.30.

Det er morgontilbod frå kl. 07.00 til skulestart.

Prisar (gjeldande frå 1 august 2017)

  • 5 dager pr veke kl. 08.30-16.30 kr. 2.790,-
  • 3 dager pr veke kl. 08.30-16.30 kr. 1.695,-
  • Tillegg for morgontilbod frå kl. 07.00 til skulestart kr. 355,-
  • Matpenger 5 dager pr veke kr. 215,-
  • Matpenger 3 dager pr veke kr. 130,-

Kommunestyret vedtek satsane for SFO plass kvart år.

Ein betaler for SFO-plass i elleve like terminar i løpet av et skuleåret, august–juni.

Juli er betalingsfri.

Redusert foreldrebetaling

I sak 21/16 i hovudutvalg for skule og barnehage vart det vedteke redusert foreldrebetaling i SFO for familiar med låg inntekt:

  • Bruttoinntekt kr. 0 - kr. 100.000 kan få betalingsreduksjon på 50% på betaling av opphald.
  • Bruttoinntekt kr. 100.000 - kr. 243.300 kan få betalingsreduksjon på 30% på betaling av opphald.

Kostpengar vert ikkje redusert.

For å få redusert foreldrebetaling må ein sende inn elektronisk søknadsskjema til Klepp kommune.Søknaden må innehalde siste likningsattest/skatteattest. Dokumentasjon kan sendast som elektronisk vedlegg, eller pr. post til Klepp kommune, etat for skule og barnehage, Postboks 25, 4358 Kleppe.

Skjema for redusert foreldrebetaling SFO

Vedtekter

Vedtekter for SFO