Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook

  • Language

Skulemiljø

Skulemiljøet

Elevar, føresette og råd og utval som representerer desse, kan be om at det vert sett i verk tiltak som gjeld skulemiljøet. Skulemiljøet omfattar både det fysiske miljøet slik som inneklima og leikeareal m.m, og det psykososiale miljøet.

Alle elevar har rett til eit godt psykososialt miljø. Dette fremjer helse, trivsel og læring. Alle tilsette ved skulen har plikt til å undersøkje, varsle og eventuelt gripe inn dersom dei får kjennskap til eller mistanke om:

  • mobbing
  • vald
  • rasisme
  • annan krenkjande framferd

Trygt og godt barnehage- og skulemiljø

Frå januar 2017 skal alle barnehagar og skular i Klepp kommune ha tilgjengeleg informasjon om nettressursen "Trygt og godt barnehage- og skulemiljø" på nettsidene sine. Her kan foreldre, tilsette og elevar finna informasjon om førebygging og handtering av mobbing og krenkingar i barnehage og skule.
Mobbing av barn i barnehagen er hendingar frå vaksne eller andre barn som krenker barnet si oppleving av å høyra til og å vera viktig i fellesskapen.

Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø. Dersom nokon opplever at barn eller ungdom blir utsett for mobbing eller krenkingar, skal dette alltid meldast til skulen.

Nettressursen Trygt og godt barnehagemiljø og Trygt og godt skulemiljø er ein del av det systematiske arbedet med å førebyggja og handtera mobbing og krenkingar i barnehagar og skular i Gjesdal, Hå, Klepp og Time kommunar.

På nettsida til kvar skule ligg det ein mobbeknapp. Her kan du melda frå om mobbing. Ved å gå til din skule og senda ei melding frå denne mobbeknappen, vil det gå ein post til rektor. Du kan sjølvsagt også kontakta skulen på telefon eller e-post. 

Jærskulen har oppretta eit eige beredskapsteam som skal kunne bidra i krevjande mobbesaker. 

Utdanningsdirektoratet - Læringsmiljø

Partnerskap mot mobbing - Klepp