Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook

  • Language

Jærskulen

Jærskulen

Jærskulen er eit omfattande samarbeid mellom kommunane Gjesdal, Hå, Klepp og Time. Sentrale mål er å vidareutvikle elevane sitt læringsmiljø, og bidra til auka læringsutbytte.

Jærskulen er forankra gjennom politisk vedtak i dei fire kommunane.

I dei fire Jærkommunane har me 35 gode skular med dyktige lærarar, skuleleiarar og andre tilsette. Undersøkingar viser at dei aller fleste elevane trivst veldig godt i skulane på Jæren. Alle dei fire kommunane har tradisjonelt hatt eit sterkt fokus på skule og skuleutvikling

I Jærskulen har me mykje å læra frå kvarandre. Me har derfor etablert nettverk mellom skulane. I tillegg har me tett samarbeid og arbeidsdeling mellom dei fire skulekontora.

Det er politisk vedtatt at Jærskulen skal arbeida forskingsbasert og langsiktig. Frå hausten 2013 gjekk me inn i eit spennande forskingssamarbeid med mange av dei andre fremste skuleeigarane i landet. Prosjektet er toårig, og handlar om vidareutvikling av verktøy for analyse og gode prosessar i skuleutvikling.

Jærskulen er for skuleåret 2014/2015 tildelt kr 300.000,- frå Forskingsrådet. Ressursane skal nyttast til eit forprosjekt for utvikling av følgjeforsking til støtte for Jærskulen.

Framover blir ein av dei største utfordringane å rekruttera nok kvalifiserte lærarar. Derfor er rekruttering eit av områda som kommunane arbeider saman om gjennom Jærskulen. Sentrale tiltak innanfor rekruttering handlar om å ha kontakt med lærarstudentar frå våre kommunar gjennom studietida, og å arbeida for at fleire ungdommar frå våre kommunar tar lærarutdanning. Me er glade for at heile 18 av skulane våre er praksisskular for Universitet i Stavanger frå hausten 2014!

Gjennom Jærskulen styrkar kommunane arbeidet med skuleutvikling gjennom langsiktig og forskingsbasert arbeid. Dette handlar om det som skjer i klasserommet, og om skulen sin status og posisjon. Skulen må ha fokus på kvalitet. Samstundes må me alle vera bevisste på å få fram at skule er viktig! Framtida blir stadig meir komplisert og kompetansekrevjande. Gode skular er avgjerande for kvar enkelt elev og for samfunnet!

Mål og prinsippdokument