Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

Undervisning m.m

Grunnskuleopplæring - rett til gratis opplæring

Personar som bur i Norge har rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring.

Dersom skulen  krev at elevane eller foreldra dekkjer utgifter i samband med opplæringa, kan du klage til skulen. Dersom skulen ikkje endrar vedtaket og/eller praksisen sin, kan ein klage til Fylkesmannen. Fylkesmannen fører tilsyn med verksemda i grunnskulen.

Vaksenopplæring i grunnskulefag og spesialundervisning for vaksne

Vaksenopplæring i grunnskulefag for personar i Klepp kommune kan gjennomførast ved Bryne kompetansesenter.

Det er tilbod om undervisning i norsk, matematikk, engelsk, samfunnsfag, naturfag og RLE (relegion og livssyn)

Det er er i tillegg spesialundervisning for vaksne. Ein synspedagog arbeider i vaksenopplæringa.

Val av bokmål

Nynorsk er innført som målform i alle krinsane i Klepp kommune.

Om målform i skulen seier Opplæringslova § 2-5: "Når minst ti elevar på eitt av klassetrinna 1-7 i ein kommune ønskjer skriftleg opplæring på eit anna hovudmål enn det kommunen har vedteke, har dei rett til å tilhøyra ei eiga elevgruppe".

Utdanningsdirektoratet uttalar i Rundskriv 11/05 at organiseringa i eiga målgruppe som hovudregel skal gjelda i skriftlege fag og i fag med stor grad av skriftleg arbeid. I andre samanhenger kan desse elevane blandast med andre elevar. Det avgjerande er at føremålet opplæring i anna hovudmål vert ivareteke. Dersom dei føresette samtykker, kan skulen gjera avvik frå hovudregelen.

Melding om dei føresette sitt målval må sendast skulen seinast 1. mars det året barnet tek til på skulen.

Dersom skulen ikkje har elevgrunnlag for å oppretta bokmålsgrupper (minst 10 elevar på eitt årssteg), kan elevane få tilbod ved ein annan skule i kommunen. Jfr. Opplæringslova § 2-5. 

Eksamen - søknad om særskilt tilrettelegging

Du kan få særskild tilrettelagt eksamen når du kan dokumentere at du treng det.

Døme på tilrettelegging:

  • Lengre eksamenstid/prøvetid heildagsprøve
  • Bruk av pc, ordbok eller anna oppslagsverk.
  • Forklaring av vanskelege ord og uttrykk i oppgåveteksten tolk ved munnleg eksamen (for framandspråkleg elev)

Søknadsskjema - særskilt tilrettelegging eksamen

Religion, livssyn og etikk melding om delvis fritak 

Ein kan få fritak frå dei delane av undervisninga som ein opplever som støytande eller krenkande ut frå eigen religion/livssyn.

Fritak kan ein og få dersom undervisninga er utøving av ein annan religion. 

Dersom ein vil be om fritak må foreldre/føresette søkje om dette skriftleg. Elevar som er over 15 kan søkje sjølv. Søknad må sendast skulen. Ein treng ikkje grunngje kvifor ein ønsker fritak. 

Dersom skulen ikkje aksepterer meldinga om fritak, skal dei gje skriftleg melding om dette.

Det er sett mål for kva alle skal kunne i kvart fag. Skolen kan ikkje gi deg fritak viss dei trur at det fører til at du ikkje når måla dine.

Religionsprega aktivitet i skulen - melding om fritak  

Heimeundervisning

Foreldre/føresette til elevar i grunnskulen kan undervise barna sine heime. Kommunen fører tilsyn med heimeundervisninga i samarbeid med foreldra. Elevane kan kallast inn til særskilte prøver. Dersom krava i lova ikkje er tilfredstilte, skal kommunen krevje at barnet starter på skule. 

Elevar som får heimeundervisning, har ikkje rett til spesialundervisning.

Det er ikkje eit krav at undervisar har pedagogisk kompetanse. Innhalde i opplæringa må følgje opplæringslova med forskrifter. Det er ikkje lov å undervise andre enn eigne barn.

Leirskule

Ein del av undervisningstida i grunnskulen kan leggjast til leirskule. Leirskulen er ein del av den obligatoriske opplæringa. Foreldre/føresette vert informerte i forkant av ein eventuell leirskule

Leirskuleopphaldet er gratis.

Rådgjeving i skulen

På skulane skal det vera tilbod om rådgjeving. 

  • Utdanning og yrkesrådgjeving 
  • Sosialpedagogisk rådgjeving - Dersom det er det personlege problem eller vansker med å finne seg til rette på skulen, kan rådgjevar hjelpe å finne dei riktige hjelpeinstansane og formidle kontakt med dem.

Elevar og føresette skal få informasjon om at dette rådgivingstilboda finnes på skulen. Målet er at du skal få hjelp til å utvikle deg og utnytte dei ressursane du har – og utan å vere bunde av tradisjonelle kjønnsroller.

Tilbodet er gratis.

Skriftleg sidemål - fritak frå opplæring/vurdering med karakter

Elevar kan søkje om:

Fritak frå opplæring og vurdering med karakter i skriftleg sidemål dersom eleven

  • får opplæring i teiknspråk, samisk eller finsk
  • er minoritetsspråkleg og får særskild språkopplæring (det vil seie særskild norskopplæring, morsmålsopplæring og/eller tospråkleg fagopplæring)

Fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål kan du søkje dersom eleven

  • i løpet av tida på ungdomsskulen har fått særskild språkopplæring, men no følgjer den ordinære opplæringa i norsk
  • får spesialundervisning som omfattar skriftleg sidemål
  • har ein diagnostisert sjukdom, skade eller liknande som gir deg problem med å klare både hovudmål og sidemål
  • ikkje har gjennomgått ungdomstrinnet i norsk grunnskule
  • oppfylte vilkåra for å få fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål, men ikkje fekk fritak på grunn av ein saksbehandlingsfeil som kan dokumenterast 

Skjema for søknad om fritak for karakter i enkeltfag

Klage

Du kan klage på vedtaket. Klagefrist er tre veker frå du mottok vedtaket.

  • Skriftleg klage
  • Forklar kvifor du meiner vedtaket bør endrast.
  • Rettleiing kan du få på skulen.
  • Dersom skulen lar avgjerda bli ståande, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen (for elevar i grunnskolen) og klagenemnda i fylkeskommunen (for elevar i vidaregåande skole), som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Leksehjelp 

Kommunen plikter å tilby elevane leksehjelp. Skulen fritt velga kven dei vil tilby leksehjelp. Ta kontakt med skulen om du ønsker nærare informasjon om korleis leksehjelpa er organisert. 

Informasjon frå skulen til ikkje-sambuande foreldre

Felles foreldreansvar:

Den av foreldra som eleven ikkje bur hjå, kan venda seg til skulen og be om å få informasjon barnet sitt. Skulen plikter då å gje begge foreldre lik informasjon. 

Ikkje felles foreldreansvar:

Den av foreldra som eleven ikkje bur hjå, kan venda seg til skulen å få informasjon. Skulen skal då gje informasjon om den saka det er forespurt om.

Karakterer - rett til å klage

Eleven kan klage på alle karakterer som skal stå på vitnemålet. Dette gjeld

  • Standpunktkarakter
  • Eksamenskarakter
  • Karakter i orden og framferd

Elevar under 15 år kan ikkje klage utan samtykke frå foreldre/føresette.

Skjema for klage på karakter - grunnskulen

Klagefristar

Frist for å klage på vedtak som gjeld standpunkt og eksamenskarakter er 10 dagar.

Frist for å klage på vedtak om vurdering av den praktiske delen av fag- og sveineprøva og realkompetanseprøva er 3 veker.

Rettar

Eleven kan krevje grunngjeving for karakterar i fag der det blir heldt munnleg eksamen, fastsett standpunktkarakterar eller karakter for praktisk eksamen. Dette må gjerast innan fristen. Det kan ikkje krevjast grunngjeving for karakterar til skriftleg eksamen.

Korleis klage
  • Grunnskulen - klage via skjema denne side.
  • Er du privatist, sender du klagen til den skulen der eksamen blei halden.
  • Klage på fag-/sveineprøve sender du til yrkesopplæringsnemnda i fylket.

Saksbehandling

Resultat av klagen kan bli at karakteren:

  • Karakteren vert ståande - uendra.
  • Karakteren vert sett opp.
  • Karakteren vert sett ned.
  • Munnleg eksamen: Dersom du får medhald, skal karakteren anullerast, og du har rett til å gå opp til ny avgangsprøve.

Skulemiljøet

Elevar, føresette og råd og utval som representerer desse, kan be om at det vert sett i verk tiltak som gjeld skulemiljøet. Skulemiljøet omfattar både det fysiske miljøet slik som inneklima og leikeareal m.m, og det psykososiale miljøet.

Det psykososiale miljøet

Alle elevar har rett  til eit godt psykososialt miljø. Dette fremjer helse, trivsel og læring. Alle tilsette ved skulen har plikt til å undersøkje, varsle og eventuelt gripe inn  dersom dei får kjennskap til eller mistanke om

  • mobbing
  • vald
  • rasisme
  • annan krenkjande åtferd 

Mobbing/Krenking i skulen

Nulltoleranse mot mobbing - nytt regelverk frå 1. august 2017

Symje- og livredningsopplæring

Det er innført obligatorisk ferdighetsprøve i symjing i 4.trinn frå hausten 2017. Les om symje- og livredningsopplæring i grunnskulen på nettsida: http://svommedyktig.no/

Gode råd mot skulevegring

Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger har utarbeidd 10 råd om kva du som føresett bør eller ikkje bør gjera dersom du strever med å få ditt barn på skulen. Følg denne lenka: Ti råd mot skulevegring