Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

PPT - førskule og grunnskule

PPT har ansvar for at det blir utarbeidd sakkunnig vurdering knytt til:

  • behov for spesialpedagogisk hjelp i førskulealder
  • behov for spesialundervisning i grunnskulen
  • behov for spesialundervisning for vaksne på grunnskulen sitt område

PPT utarbeider og sakkunnig vurdering i ein del andre høve, mellom anna knytt til:

  • tidlegare eller utsett skulestart
  • fritak frå opplæringsplikta
  • teiknspråkopplæring
  • punktskriftopplæring for blinde og sterkt svaksynte elevar
  • søknad om fortrinnsrett til eit særskilt utdanningsprogram i vidaregåande opplæring

PPT skal hjelpe skulane i arbeidet med kompetanse- og organisasjonsutvikling. Dette arbeidet vert gjort for å leggje opplæringa betre til rette for elevar med særlege behov. Dette gjeld og for barnehagar med barn som treng særskilt oppfølging.

PPT sitt systemarbeid går ut på rettleiing av personalet i barnehagar og skular når det gjeld førebygging, tilrettelegging av læringsmiljø, pedagogisk utviklingsarbeid og tilpassa hjelp/undervisning.

PPT sine målgrupper:

  • Barn og unge i alderen 0-16 år som ikkje har eller som ikkje kan få eit tilfredstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet.
  • Vaksne med rett til spesialundervisning

Enkeltvedtak om spesialundervisning 

PPT er kommunen sin rådgjevande instans.

For elevar i skulepliktig alder er det rektor på heimskulen som fattar vedtak om speisialundervisning. 

For barn i barnehage er det soneleiarane i fagteamet som fattar vedtak om spesialundervisning.

Tilvising - Korleis går ein fram:

Barn/elevar t.o.m 15 år vert tilvist PPT av skule/barnehage/helsestasjon i samråd med foreldre/føresette. Foreldre/føresette kan og tilvise barnet til PPT utan at andre instansar er involvert.

Det er ønskeleg at saka vert drøfta med PPT før tilvising.

Ungdom/elevar og vaksne f.o.m 16 år kan sjølv ta initiativ til tilvising, evt i samarbeid med skulen/kommunen. 

Det er ønskeleg at saka vert drøfta med PPT før tilvising.

Førskule

Grunnskule

Vaksne

Språk:

www.udir.no  kan du få generell informasjon om  PPT på ulike språk.

Kontaktinformasjon

Pedagogisk-Psykologisk Teneste

Postadresse: Postboks 25, 4358 Kleppe

Besøksadresse: Kleppetunet, 2. etg, Olav Hålands veg 2, 4352 Kleppe

Jorunn Rosseland er leiar Klepp PPT.

Klepp PPT har telefontid kvar fredag 09.00 til 11.00.

Utanom dette kan du sende epost til din kontakt, så ringer me attende.

Tilsette 
Karoline Olaisen karoline.olaisen@klepp.kommune.no 911 08 029
Gunn Karin Sunde gunn.karin.sunde@klepp.kommune.no

468 22 930

June Salte-Sommerbakk june.salte-sommerbakk@klepp.kommune.no

468 62 780

Kjersti Nedreaas kjersti.nedreaas@klepp.kommune.no

468 34 625

Lena V Berge lena.vladimirovna.berge@klepp.kommune.no 

947 89 315

Maren Solvang Hellestø maren.solvang.hellesto@klepp.kommune.no 468 39 780
Øyvind Revheim i permisjon

 

Jorunn Rosseland jorunn.rosseland@klepp.kommune.no

959 12 656

Tove Rostøl Thomassen trt@klepp.kommune.no

970 66 506 

Ellen Margrethe Haugerud Ellen.Margrethe.Haugerud@klepp.kommune.no

948 45 696