Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Planar og utviklingsarbeid - barnehage

Marte Meo

Marte Meo - metode for rettleiing av tilsette

Kleppbarnehagane har i fleire år arbeidd med vaksne i møte med barn - autoritativ vaksenstil. Barnehagane har hatt kompetanseheving på dette via "Være Sammen" og Læringsmiljøsenteret.

I etterkant av dette, har kommunen sett eit behov for ein type rettleiing som implementerer vaksenstilen hos dei tilsette. I 2015 byrja kommunen å arbeide med Marte Meo som metode for rettleiing av dei tilsette i barnehagen. I 2017 fatta hovudutval for barn og unge eit vedtak om at Marte Meo skal nyttast som hovudmetode i rettleiing av tilsette i barnehagane. Du kan lese meir om kva Marte Meo er, korleis vi brukar det i Klepp og korleis kompetansen er bygd opp her:

Marte- Meo i Kleppbarnehagane.pdf

Planar

Plan for kvalitetsutvikling 2018-2020

Hovudvisjonen i dette dokumentet er

  • Meir læring til alle.

Plan for kvalitetsutvikling i barnehagane og barnehagesektoren 2018-2020

Barnehagebruksplan

Føremålet med barnehagebruksplanen 2018-2025 er:

  • ombygging/tilpassing til moderne barnehage- og skuledrift
  • utbygging i høve til barne- og elevtalsutviklinga

Barnehage og skulen skal rusta barn og unge for framtida. Å ha digital kompetanse (som også omfattar digital dømekraft) vil vera ein føresetnad både i arbeidslivet og som samfunnsborgar.

Den nye ikt-planen for barnehagar og skular i Klepp omfattar tre hovudområde

  • mål og innhald for barn og unge si digitale læring
  • strategiar for kompetanse hos tilsette
  • utrulling og investering for maskinvare/læringsbrett 

Siktemålet med planen er å støtta opp om og gje vidare retning for satsinga på ikt og læringsbrett som går føre seg i etaten. Erfaringane frå både elevar, foreldre og tilsette er så langt i all hovudsak positive. Det er å håpa at denne ikt-planen sikrar kontinuitet i satsinga og på sikt gir barn og unge både meir motivasjon og meir læring.

 IKT-plan for etat for skule og barnehage 2017-2022

Utviklingsarbeid

Målet med dette dokumentet er å styrkja samanhengen i opplæringa for barn og unge i Klepp kommune. Ein god samanheng inneber at barn og unge opplever kontinuitet og progresjon i læringsinnhaldet, og at dei opplever å meistra overgangane mellom ulike opplæringsinstitusjonar. Det er lagt stor vekt på å sikra samanhengane i læringsforløpet. Dette omfattar og tiltak for å sikra tryggleik, trivsel og meistring kring overgangane.

 Måla med planen er dermed å:

  • sikra samanheng og heilskap i læringsinnhaldet til barn/unge, både fagleg og sosialt.
  • sikra at barn/unge opplever overgangar som spanande, utviklande, trygge og prega av meistring
  • sikra informasjonsflyt mellom tilsette og mellom tilsette og foreldra ved overgangane
  • sikra gode møteplassar mellom tilsette for å få til kompetanse og kultur som støttar intensjonane ovanfor

Gode samanhengar og overgangar for barn i barnehagar og elevar i grunnskulen i Klepp

Språkutvikling og leseglede

Språkutvikling og leseglede - råd til føresette

Språkarbeid i barnehagen

Inkluderande barnehage- og skulemiljø

Inkluderande barnehage- og skulemiljø

Lenker 

Barnehagelov

Rammeplan