Kva vil me:Klepp kulturskule ønskjer gjennom opplæring innan musikk og andre kulturfag å skapa levande kulturinteresse i kommunen.
Kvalitet i undervisninga skal stimulere eleven til fagleg dugleik, personleg utvikling og oppleving.
I Klepp kulturskule ynskjer me å læra elevane grunnleggjande teknikkar og forståing for faget, samstundes som ein søkjer å formidla inspirasjon og kjærleik til faget slik at dei er i stand til og har lyst til å fortsetja på eiga hand den dagen dei sluttar i kulturskulen.
Rektor: Jan Bekkum
TilbodFor å sjå kva tilbod me har, gå inn på minskole Søk her:
Kulturskulestipend - Jæren SparebankStipendet skal motivera, skapa engasjement, inspirera og gje påskjønning. Stipendet vert delt ut årleg og er ein skjekk for utbetaling av kr. 10 000 og diplom/kunstverk av Stine Rommetveit. Søknadsfrist er 15. mars 2016, 2017 og 2018 Kulturskulestipend - tildelingsreglar og kriterier
Kulturskulestipend - søknadsskjema
|