Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

Jærskulen

Startskot for spanande samarbeid mellom Jærskulen, UIS og Dunkerque - Jæren og Stavanger 20.03.17 - 24.03.17

Pressemelding: Oppstartskonferanse CLAE project

«Verdiløft i skolen» har som mål å fornye og erstatte den generelle delen av læreplanverket for grunnopplæringa i Noreg. Eit av forslaga er å innføre større fokus på kritisk tenkning. I Høyringa står m.a. «I en tid hvor ekstremisme truer, er det viktigere enn noensinne å fremme demokratiet. Når vi er omgitt av falske nyheter og "alternative fakta", er det særlig viktig at elevene lærer seg å tenke kritisk».

Jærskulen er, saman med regionen Dunkerque og Universitetet i Stavanger, tildelt 141 200 Euro i støtte til eit relevant og viktig prosjekt gjennom Erasmus+, EUs program for utdanning. Prosjektet har fått tittelen "Critical Literacy and Awareness in Education". Dei neste 2 ½ åra skal lærare og forskare samarbeide tett for å finne ut korleis me kan styrke kritisk tenkning blant elevane.

Jærskulen er eit omfattande samarbeid mellom kommunane Gjesdal, Hå, Klepp og Time. Sentrale mål er å vidareutvikle elevane sitt læringsmiljø, og bidra til auka læringsutbytte.

Jærskulen er forankra gjennom politisk vedtak i dei fire kommunane.

I dei fire Jærkommunane har me 35 gode skular med dyktige lærarar, skuleleiarar og andre tilsette. Undersøkingar viser at dei aller fleste elevane trivst veldig godt i skulane på Jæren. Alle dei fire kommunane har tradisjonelt hatt eit sterkt fokus på skule og skuleutvikling

I Jærskulen har me mykje å læra frå kvarandre. Me har derfor etablert nettverk mellom skulane. I tillegg har me tett samarbeid og arbeidsdeling mellom dei fire skulekontora.

Det er politisk vedtatt at Jærskulen skal arbeida forskingsbasert og langsiktig. 

Gjennom Jærskulen styrkar kommunane arbeidet med skuleutvikling gjennom langsiktig og forskingsbasert arbeid. Dette handlar om det som skjer i klasserommet, og om skulen sin status og posisjon. Skulen må ha fokus på kvalitet. Samstundes må me alle vera bevisste på å få fram at skule er viktig! Framtida blir stadig meir komplisert og kompetansekrevjande. Gode skular er avgjerande for kvar enkelt elev og for samfunnet!

Mål og prinsippdokument