Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Barnehageplass og redusert foreldrebetaling

Søknad om barnehageplass

Søknadsfrist for hovudopptaket er 1. mars kvart år. Det er felles opptak for alle kommunale og private barnehagar i Klepp kommune. Ein kan søka plass til hovudopptaket mellom 14. desember og 1. mars.

Søknader som kjem inn etter søknadsfristen blir liggande på venteliste, og ein vil få svar dersom det blir ledig plass.

Søknad om barnehageplass i Klepp kommune gjer ein elektronisk via ID-porten.

For å ha rett til barnehageplass etter § 12 "Lov om barnehagar" må barnet vera busett i Klepp kommune, vera født før 01.12.2020 og søknaden må vera levert innan 1. mars. Barn som fyller 1 år i september, oktober eller november kan etter ønske starte i barnehagen den månaden dei fyller 1 år. 

Barnehageplass

Barnehageplass - søka plass, endra plass, svara på tilbod

Søk om barnehageplass - søknadsfrist til hovudopptaket: 1. mars 2021

Ved spørsmål, ta kontakt: kate.eiken.ravndal@klepp.kommune.no tlf. 928 46 442

 

Slik søker du om å endra barnehageplass 

Viss du vil søka om endring av tilbodet, gjer du det ved å senda elektronisk søknad same plass som du søker om barnehageplass.

Endra barnehageplass 

OBS! Søker du overflytting ved hovedopptaket, blir plassen du nå har automatisk sagt opp og du blir flytta over til ny tildelt barnhage. Takker du nei til nytt tilbod, står du utan barnehageplass.

 

Svara på tilbod om barnehageplass 

Svara på tilbod

Frist for å svara er 10 dager. Ved å takka ja til tilbodet, stadfestar du også å ha lese barnehagen sine vedtekter. Viss du ikkje svarar innan fristen mister du plassen.

OBS!  

Viss barnet ditt har plass frå før, blir den gamle plassen automatisk sagt opp om du takkar ja til eit nytt tilbod.
Takkar du nei til nytt tilbod ved hovudopptaket står du utan barnehageplass.

Oppseiing 

Oppseiing av barnehageplass

Oppseiing av plass må skje elektronisk.

Sei opp barnehageplass

Barnehagane har ei oppseiingstid på 2 månader, og oppseiinga gjeld frå den 1. i kvar månad.

Ved oppseiing etter 1. april må det betalast ut barnehageåret. Det vil sei at barn som ønskjer å slutta etter 1. mai må betala fram til nytt barnehageår i august, sjølv om plassen ikkje vert nytta.

Når barnet begynner på skule blir barnehageplassen automatisk sagt opp, frå både private og kommunale barnehagar.

Private barnehagar har eigne vedtekter som bestemmer oppseiingsreglar.

Oversikt over barnehagar i Klepp

Barnehagar i Klepp

Når får ein svar på barnehagesøknaden?

 - hovudopptak 

Alle som har rett på barnehageplass får svar 12. mars 2021.

 - utanom hovudopptak

De får ikkje svar frå oss før de evt. får tildelt plass i ein barnehage. 

  

Vedtekter

Vedtekter i kommunale barnehagar

Pris

Foreldrebetaling barnehage

Betaling

Makspris fastsett av Stortinget, er kr. 35.530 pr. år, frå 1.1.2021. Dette er i Klepp kommune fordelt på betaling i 10 månader, slik at juli og august vert betalingsfrie månader.

Betaling for barnehage under koronautbrotet mars - mai 2020

Moderasjonsordningar - redusert foreldrebetaling

For alle
Foreldre skal ikkje betala meir enn maksprisen for ein barnehageplass, og maks 6 % av husstanden si samla inntekt. Husstandar med samla årleg inntekt under kr 592.167,- har frå 1. januar 2021 rett til redusert foreldrebetaling. Det gjeld både kommunale og private barnehagar. Søknaden gjeld for eit barnehageår, og det må søkast på nytt kvart år.  

For 2, 3, 4, og 5 åringar
Barn født i 2015 - 2018 og barn med utsett skulestart har rett til 20 timar gratis opphald i barnehage pr. veke. Dette gjeld for familiar/hushaldningar som har ei samla inntekt på mindre enn kr 566.100,-.

For søsken
Barn nummer to får 30 % søskenmoderasjon og barn nummer tre og vidare får 50 % søskenmoderasjon. Dette gjeld sjølv om barna ikkje går i same barnehagen. Barna må vera folkeregistert på same adresse for å få søskenmoderasjon. (ein treng ikkje søka om søkenmoderasjon)

Korleis får du lågare foreldrebetaling
For å få redusert foreldrebetaling f.o.m. september, må søknad leverast innan 10. august.

Dersom det vert levert søknad om redusert foreldrebetaling i løpet av barnehageåret, vil ny pris fastsett i vedtak som hovudregel bli gjeldande frå etterfølgande månad. 

Dokumentasjon
Siste års skatteoppgjer må sendast inn som dokumentasjon på inntekt.
Manglande dokumentasjon fører til forsinka saksbehandling.

Dersom inntekta er vesentleg redusert frå forrige års skatteoppgjer må det i tillegg leggast med dokumentasjon som bekrefter dette.

Eksempel på dokumentasjon:

  • Lønnslipp/stadfesting frå arbeidsgiver på brutto månads-/årslønn, sluttattest, oppseiingsbrev eller liknande.
  • Vedtak om dagpengar, uføretrygd, sykepengar, arbeidsavklaringspengar, pensjon, overgangsstønad, fødselspengar, introduksjonsstønad eller sosialhjelp.
  • Dokumentasjon frå skule/studiestad, studentbevis, kopi av betalt semesteravgift.

 For næringsdrivande må utskrift av likning leggast ved søknad som dokumentasjon.

Søknadsskjema redusert foreldrebetaling/gratis kjernetid
 

Dokumentasjon på inntekt må leggast med. 
Manglande dokumentasjon fører til forsinka saksbehandling.

Barnehage - søknad om redusert foreldrebetaling/gratis kjernetid  

Gjeld søknaden for neste barnehageår som startar i august, kan ein ikkje søke før i juni, med frist 10. august.

Barn med spesielle behov

Spesialpedagogisk hjelp

Barn under opplæringspliktig alder som har særleg behov for spesialpedagogisk hjelp, har rett til slik hjelp etter Barnehageloven §31.

Det er føresette som søkjer om spesialpedagogisk hjelp, med hjelp og rettleing frå styraren i barnehagen eller frå PP-tenesta. (Pedagogisk psykologisk teneste: PPT)

Det må vere utarbeidd ei sakkyndig vurdering frå PPT som fastslår retten til spesialpedagogisk hjelp, og leiar i fagteamet fattar eit vedtak ut i frå denne vurderinga.

Tilrettelegging i barnehage - søknadsskjema

Kommunen skal sikra at barn med nedsett funksjonsevne får eit tilrettelagt individuelt barnehagetilbud (Lov om barnehage § 37).

Det må søkjast om tilrettelegging. Føresette skal involveras i søkjeprosessen.

Saksbehandling

Søknader blir behandla kontinuerlig, men søknader som gjeld neste barnehageår vil ein få svar på innan utgangen av juni.

Klagemulighet

Tildeling av ressursar til tilrettelegging i barnehagen og spesialpedagogisk hjelp, er eit enkeltvedtak etter Forvaltningsloven. Det kan klagas på vedtaket. Klagefristen er tre veker frå svaret er mottatt. Klagen skal sendast til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom denne instansen opprettheld vedtaket, blir klagen sendt vidare til Fylkesmannen for endeleg avgjerd.