Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook

  • Language

Vinnaren er kåra

Det er teikninga til Solvår Egeland 8 år frå Bore skule som skal pryda ordføraren sitt julekort i år.

Tysdag føremiddag fekk klasse 3c ved Bore skule uventa besøk av ordførar Ane Mari Braut Nese. Ho kom for å avsløra kven som hadde vunne teiknekonkurransen og for å overlevera eit signert, personleg julekort, sjokolade og eit gåvekort til vinnar Solvår Egeland. 

ordføraren saman med Solvår
Ordføraren og Solvår.  

vinnarteikninga
Vinnarteikninga av Solvår Egeland 8 år. Tema: Møteplass.

 

Laurdag 3. desember: Melding frå ordførar Ane Mari Braut Nese:
"Sjå så mange flotte tegninger me fekk inn til årets julekort 🌟 Me får stadig fleire for kvart år. I år har 350 barn i Klepp sendt inn sine bidrag. Tusen takk 😄 Vinnaren er plukka ut og kortet er sett i produksjon. Når kortet er klart skal vinnaren kårast."

mange innsendte juleteikningar

Tema for ordføraren sin teiknekonkurranse i år var Møteplass. 
Vinnarteikninga vil bli trykka opp og vil vera motivet på ordføraren sitt julekort for 2016.