Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

Vil du vera med?

Har du meiningar om helse- og velferdstenestene i Klepp? Vi vil ha deg med på fornyingsarbeid.

Klepp Kommune skal fornya helse- og velferdstenestene og vil ha med interesserte innbyggarar. Du har kanskje eigne opplevingar eller vore pårørande eller ven, men viktigast er at du har engasjement og lyst til å bidra.

Vi organiserer arbeidet i prosjektgruppene:

  • Barn og unge…
  • Heimetenester…
  • Institusjonstenester…
  • Tenestekontor….

Korleis ser tenestene ut innan desse områda i framtida? Korleis er samarbeidet mellom dei som gir tenester og dei som mottek? Kor finst ressursane i kommunane som kan spela på lag når vi skal utvikla Klepp for framtida?

Verkar dette interessant å vera med på? Behov for meir informasjon?

Ta kontakt på tlf 51 42 97 96 / 986 75 917 eller send mail til ragnhild.aanestad@klepp.kommune.no