Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

Vil du teikna ordføraren sitt julekort?

Husk at fristen for innlevering er førstkomande fredag, 27. november.

Alle barn i Klepp kommune blir med dette inviterte til å delta i konkurransen om å teikna ordføraren sitt julekort. Temaet er: ”Forventningar”
Teikninga skal vera på eit A4 ark. Bruk sterke fargar, for det blir finast når julekortet skal trykkast. Skriv tydeleg namn, adresse, telefonnummer og alder på baksida. Ikkje brett teikninga.
Sendt teikninga til Klepp kommune, Postboks 25, 4358 KLEPPE og merk konvolutten med ”Julekort”. Du kan også levera teikninga i ekspedisjonen på rådhuset.

Vi må ha teikninga innan 27. november.

Vinnaren vil bli kontakta, og alle teikningane vil bli publiserte på heimesida til Klepp kommune.