Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook

  • Language

”Vi er i ferd med å skifta takt”

Intensiv og lærerik studietur i Danmark 20 – 22.mai for leiargruppa og HTV i Helse og velferd. Fokus har vore på læring i forhold til implementering og igangsetting av prioriterte satsingsområde i Taktskifte 2015.

Satsingsområde i Taktskifte 2015

Brukarmedverknad:

  • Iverksetta nye arbeidsmetodar som i større grad ivaretek brukarmedverknad. Arbeidsmetodane skal vera kunnskaps- og forskingsbaserte
  • Nytta ulike informasjonskanalar og gjera informasjonen tilgjengeleg for flest muleg av innbyggjarane
  • Gi opplæring til brukarar som skal delta i brukarforum/brukarutval

Familie og nettverk:

  • Nytta pårørande og familie sine erfaring i undervisning av tilsette
  • Avklara familie og nettverk sine forventningar og roller
  • Iverksetta kompetansetiltak som gjer tilsette i betre stand til å samarbeida med familie og nettverk

 Frivillig innsats:

  • Etablera funksjon som frivillighetskoordinator og utnemna kontaktpersonar for frivillige i ulike avdelingar
  • Frivillighetskoordinator skal

-          Avklara oppgåver og ansvar mellom frivillige og profesjonelle

-          Sørga for informasjon om frivillige oppgåver som er lett tilgjengelege

-          Iverksetta kompetansetiltak som gjer tilsette betre i stand til å samarbeida med frivillige

-          Organisera opplæring og veiledning for frivillige, og legga til rette for gode møteplassar

-          Bygga struktur og nettverk mellom frivilligsentralen, aktuelle organisasjonar, kyrkja og det offentlege

Velferdsteknologi:

  • Informera innbyggarar og eigne tilsette om muligheter ved velferdsteknologi
  • Ta teknologi i bruk der det er hensiktsmessig
  • Vera pådrivar, fortsetta å utvikla teknologi som lettar samarbeidet mellom kommunen og andre instansar

Samhandling:

  • Prøva ut nye samhandlingsformer
  • Ta i bruk felles kartleggings- og prioriteringsverktøy på tvers av avdelingar
  • Laga struktur og ta i bruk gode IKT-verktøy for elektronisk samhandling
  • Legga til rette for auka samhandling mellom kommunar, private og frivillige organisasjonar
  • Vidareutvikla og oppretta planlagde samhandlingstiltak knytt til samhandlingsreformen
  • Delta i samarbeidsprosjekt med universitet, høgskular og næringslivet

Tidleg innsats og førebygging:

  • Ha oversikt over faktorar som påvverkar innbyggarane si helse og velferd og følga opp med tiltak
  • Vidareutvikla førebyggande tilbod til særlege grupepr
  • Følga opp tiltaka i Bustadsosial handlingsplan 2013 – 2016
  • Redusera andelen sosialhjelpsmottakarar, og sørga for at mottakarar av økonomisk sosialhjelp er i arbeidsretta aktivitet

Nye arbeidsmåtar:

  • Utarbeida kompetansplanar på etatsnivå og seksjonsnivå i tråd med Taktskifte
  • Vidareutvikla kvardagsrehabilitering
  • Gjennomføra prosjektet organisasjonsbygging for berekraftige og framtidsretta tenester

Etablera felles, tverrfagleg mottaks- og saksbehandlarkontor