Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Veteranplan

I samband med kommunestyrets behandling av Veteranplanen er det beslutta at Klepp kommune rettar ein takk til sine veteranar.

Sidan 1947 har 100 000 nordmenn tenestegjort i internasjonale operasjonar. Dette omfattar 100 operasjonar på fire kontinent. Sidan FN-operasjonen starta i Libanon i 1978 har meir enn 40 000 soldatar medverka i fredens teneste for Noreg og det internasjonale samfunnet.

Målet med planen er at det skal bli lettare for kommunane å levere dei rette tenestene til kommunane sine veteraner.
Veteranarbeidet i Klepp er tufta på verdisetting, varetaking og oppfølging av det viktige oppdraget våre veteranar har utført for fred og fridom gjennom internasjonale oppdrag.

Ein årlig markering av veteranane sin innsats finn stad på frigjøringsdagen 8.mai i Vatneleiren med alle ordførarane i Sør-Rogaland til stades. Dette skjer i samarbeid med HV-08.

Med bakgrunn i kommunestyret sitt vedtak, vil Klepp kommune takke alle veteranane som er busette i Klepp og som har deltatt i forsvaret sine operasjonar i utlandet.

Sigmund Rolfsen
Ordførar

Veteranplan