Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Vatningsforbod i Klepp

Etter tilråding frå IVAR blir det frå og med tysdag 10. juli innført forbod mot hagevatning hos privatpersonar i Klepp. Forbodet omfattar vatning med hageslange, dryppslange og spreiar.

Forbodet er grunna i den lange perioden med lite nedbør som me no har hatt. Det er og forventa lite nedbør framover ifølgje værutsiktene. Forbodet blir innført for at ein skal kunne  oppretthalda ei sikker leveranse av vatn til innbyggjarane og for å unngå for sterk nedtapping av vannkjeldene. For utsette områder i kommunane kan det og vera ei utfordring å sikra tilstrekkelig mengde brannvatn i periodar når forbruket av vatn er svært høgt på grunn av hagevatning.

Vi har fått inn nokre bekymringar om korleis det vil gå med kommunal beplantning nå mens vatningsforbodet gjeld. Kommunen har stansa vatninga midlertidig. Forbod mot bruk av drikkevatn til vatning må og gjelda kommunen sine eigne verksemder. No har me imidlertid fått ordna det til slik at parkavdelinga kan henta vatn frå andre lokale vatnkjelder. Dette er ikkje drikkevatn og det bryt dermed ikkje med vatningsforbodet. Me håpar dermed at folk framleis skal kunne få glede seg over flotte somarblomar på ulike stader i kommunen.