Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

Utmerking for godt styresett i Klepp

Klepp er ein av åtte kommuner som har motteke europeisk utmerking for godt styresett.

Det er fjerde gong norske kommunar mottek denne europeiske utmerkinga, som blei delt ut av KS-leiar Gunn Marit Helgesen og statsråd Jan Tore Sanner på KS' kommunalpolitiske toppmøte i Oslo, 8. april 2015.

 

ks-toppmøte

 

Kommunane i Rogaland fekk tre av dei åtte utmerkingane.
Her representerte med:

rådmann Bodil Sivertsen, Sandnes kommune
varaordførar Pål Morten Borgli, Sandnes kommune
ordførar Ane Mari Braut Nese, Klepp kommune
rådmann Ivar Undheim, Klepp kommune
ordførar Mons Skrettingland, Hå kommune
rådmann Anne Berit Berge Ims, Hå kommune