Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook

  • Language

Ungdomsverkstad om kommunane i framtida

- Korleis bruker ungdommar sine nærmiljø og bysentra i dagens kommunar? - Kva er viktig for dei unge i dag, og kva vil vera viktig i framtida? 

42 ungdommar frå kommunane Hå, Time, Gjesdal, Klepp, Sandnes, Sola, Randaberg og Stavanger skal møtast på Vitenfabrikken i Sandnes. Dei skal vera med på ein framtidsverkstad i samband med kommunereforma for å diskutera kva dei meiner er viktig i sine nærmiljø i dag, og kva vi må ta vare på i framtida. Innspela overleverer ungdommane sjølv til ordførarane i dei åtte kommunane på slutten av dagen. 

Det vil koma fleire ytringar frå verkstaden undervegs på minnyekommune sine facebooksider

Dei unge

Det er viktig at dei unge si stemme kjem fram i prosessen med kommunereforma.
- Derfor legg vi spesielt til rette for denne verkstaden nettopp for ungdommen, for å få eit augeblikksbilete av kva som er viktig for dei i dag, og i framtida. Innspel frå verkstadane blir tatt med vidare i kommunereformprosessen, seier kommunikasjonssjef i Stavanger kommune, Marianne Jørgensen.

Du kan lesa meir om kommunereforma på vår nettside

Kommunereformen på nett

Hausten 2014 blei alle kommunane i Noreg invitert av Stortinget til å starta prosessar for å avklara om det er aktuelt å slå seg saman med nabokommunar. Gjennom samarbeidet med Jærrådet blei det oppretta ein eigen nettstad for innbyggarane, www.minnyekommune.no. På nettsidene finn du informasjon om prosessen og korleis du kan påverka.