Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Trygt lokalsamfunn

Klepp kommune er regodkjent som Trygt lokalsamfunn. Dette blei markert i kommunestyremøtet den 4. februar 2019.

Det var dagleg leiar Eva Jakobson Vaagland frå Skadeforebyggende forum som besøkte kommunen i høve denne markeringa.

Ho trekte fram arbeidet kommunen har gjort innan innan skade- og ulukkesførebygging og då spesielt utviklinga av DagRos og PlanRos som viktige bidrag også til andre kommunar.

trygt lokalsamfunn

Tidlegare på dagen fekk Vaagland sjå kva kommunen arbeider mest med for tida.

Barnetråkk
Dagen starta med besøk til Bore skule der 6. trinn fekk tilbakemelding på barnetråkkregistrering dei tidlegare har delteke på. I barnetråkk merkar elevane av kor dei kjenner seg trygge/utrygge på skulevegen og kva område i nærmiljøet som er viktige for dei. Barnetråkk er ei kartlegging der elevane får sagt konkret i frå både om risikopunkt og kva som er viktig for dei.

Fallførebygging
Etter lunsj stod fallførebygging på programmet. I Klepp skjer det i snitt 20 lårhalsbrot i året, noko som er under landsgjennomsnittet. Å hindra fall, er svært god samfunnsøkonomi i tillegg til spart liding for den enkelte. Vaagland fekk orientering av fysio- og ergoterapeutar om korleis dei arbeider med fallførebygging. Det dreier seg om alt frå styrke- og balansetrening til å fjerna ulukkesfeller i heimen. Mange treningsgrupper er i sving, og samarbeid med frivillige er uvurderleg for å kunna driva så aktivt. Vaagland fekk sjølv delta på dagens trening, noko som skjedde inne i parkeringshallen i Skulehagen på grunn av pøsregn (plar vera ute). Der stilte 28 pensjonistar frå Skulehagen, leia av team frå kvardagsrehabilitering.

Regodkjenning som Trygt lokalsamfunn gir inspirasjon til fortsatt satsing på førebyggande arbeid!