Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Treng du hjelp eller vil hjelpa

Hald hodet kaldt og hjarta varmt! Kan du bidra med noko ekstra i desse dagar? Eller treng du sjølv hjelp?

Treng du hjelp?
Ein del innbyggarar er no isolerte frå sine vanlege nettverk - enten fordi dei er i karantene eller fordi sosiale og kulturelle tilbod som dei vanlegvis brukar er stengt. Nokre har behov for hjelp til gjeremål, til å små ærend eller hadde sett pris på at nokon tok ein dagleg telefon for sjekke at det går greit. Er du i ein slik situasjon? 

Ta kontakt: Telefon: 46 86 2000, e-post: frivilligsentralen@klepp.kommune.no


Ønsker du å hjelpa?
Klepp Frivilligsentral vil ha kontakt med deg som ønsker å bidra, og få høyra litt om kva ditt bidrag kan vere. Dagens situasjon gjer at ein ikkje legg opp til sosial kontakt, men vi skal fortsetta å ta vare på kvarandre. Det viktigaste er at du er motivert, ikkje er i risikogruppa, ikkje har symptom på luftvegsinfeksjon og er elles frisk. Som frivillig vil du få god innføring i rutinar som sikrar både di og andre si helse. Du kan sjølvsagt stilla som ringevenn sjølv om du er i risikogruppa. 

Meld deg på her: klepp.frivilligsentral.no

Lag og foreiningar
Frivillige lag og foreiningar som ønsker å ta oppdrag retta mot dei som treng det, skal ikkje bruke registreringsskjemaet på nettsida.

Ta kontakt: Telefon: 46 86 2000, e-post: frivilligsentralen@klepp.kommune.no

Tusen takk!