Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Totalforbod mot å gjera opp eld utandørs

Det er innført totalforbod mot å gjera opp eld utandørs i Rogaland. Forbodet gjeld fram til brann- og redningssjefen gjev ny melding.

Skogbrannfaren er for tida stor i heile Sør-Noreg. Brann- og redningssjefen har på bakgrunn av dette innført totalforbod mot bruk av open eld utandørs.

Det vil seia:

  • Det er ikkje tillatt å gjera opp eld utandørs i nærleiken av skog, mark og i strandsonen.
  • Det er ikkje tillatt å tenna opp bål eller grilla på dei vanlegvis godkjende og tilrettelagde bål- og grillplassane.
  • Det er ikkje tillatt å bruka skogsmaskinar som nyttast i skog og utmark.
  • Det er ikkje tillatt å brenna hageavfall, sjølv på eigen tomt. Dette kan leverast inn på avfallsmottak.

Du kan grilla i eigen hage med varsemd.

Sjølv om ein no kan grilla i eigen hage er det viktig at ein er forsiktig. Er du i tvil om det er trygt, ikkje grill og ikkje ring brannvesenet. Det er du som står ansvarleg dersom det byrjar å brenna når du grillar.

Me minner om at alle innbyggjarane har eit eige ansvar for å redusera risikoen for brann og avgrensa skadene om brann skulle oppstå.

Det gjeld alle, heile tida og over alt.