Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

Totalforbod mot å gjera opp eld utandørs

Det er innført totalforbod mot å gjera opp eld utandørs i Rogaland. Forbodet varer til brann- og redningssjefen gir ny beskjed.

Skog, gras- og lyngbrannfaren er for øyeblikket stor i heile Sør-Norge. Når det er så tørt ute som nå, skal det svært lite til før det begynner å brenna.  

Den siste veka har mannskap frå Rogaland brann og redning IKS (RBR) patruljert bål- og grillplassar, strender og badeplassar for å sjå til at totalforbodet blir halde.  Det er ikke alle som har fått med seg totalforbudet, eller velg å bryta det bevisst.

Oppdatert informasjon frå Rogaland brann og redning finn du her.

Mange skular og barnehagar har planlagt grilling til avslutningane sine. Så lenge det er totalforbod blir skular og barnehagar oppfordra til å tenka andre alternativ enn grillmat på sine avslutningar. Rogaland brann og redning IKS (RBR) gir ingen dispensasjonar frå forbodet.


Rogaland brann og redning IKS
tlf. (+47) 51 50 23 54 | mob. (+47) 922 10 315 | epost: gry.solem@rogbr.no
Brannstasjonsveien 2, 4312 Sandnes
www.rogbr.no

Følg @110SorRogaland på Twitter