Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook

  • Language

Tøming av septikktankar og slamavskillarar

Stene Renovasjon AS overtek frå 01.01.2017 arbeidet med å tøma septikktankar og slamavskillarar i Klepp kommune.

Stene Renovasjon AS vil senda ut brev til abonnentane med informasjon før tøming. Der vil det óg vera mogleg å melda tilbake dersom det er ting de som abonnent meiner at Stene Renovasjon AS må ha informasjon om før tøming. Tøming av slamavskillarar og septikktankar vil følgje same ruter og intervall som tidlegare.

Tøming utanom ordinær rute skal bestillast via Klepp kommune, tlf. 51 42 98 00 - etat for lokal utvikling.