Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

Sykla til arbeid

Nå har Klepp kommune meldt seg på «Sykle til jobben» aksjonen som gratis kommune.

Det betyr at alle som bur eller arbeider i Klepp kommune kan delta gratis.
Aksjonen varer frå 19.april til 17.juni 2018. Ein kan også registrera andre fysiske aktivitetar.

«Sykle til jobben» aksjonen er ein tradisjonsrik aksjon som får deg og dine kollegaer i form. Loggfør aktivitetane dine og bli med i konkurransen. Her er også mange fine premiar. I 2017 var det meir enn 40.000 deltakarar med. Kor mange får vi med i 2018?

Dette er eit tiltak som som følgje av Klepp kommune sin visjon i kommunedelplan for fysisk aktivitet: «I Klepp syklar eller går me».
Vi håper at flest mogleg av Klepp sine innbyggjarar, og du som arbeider i kommunen, blir med og deltek.

Meir informasjon og påmelding

Kontaktpersonar i kommunen:
Målfrid Hannisdal Teigen, tlf: 51429781
Oddvar B. Høyland tlf: 95764977