Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook

  • Language

Stort engasjement på Jæren

4498 av innbyggjarane i Hå, Klepp og Time har så langt nytta seg av tilbodet om førehandsstemming før folkeavstemminga om Jæren kommune 25. april. 

Skal ein dømma ut i frå dei foreløpige tala på førehandsstemming, er engasjementet størst i Klepp. Dersom tendensen held fram, kan deltakinga i førehandsstemminga i Klepp verta noko høgare enn ved siste val, medan tendensen i Time er noko lågare deltaking. Hå kan koma nokså likt ut som ved siste kommune- og fylkestingsval i talet på førehandsstemmer.

Tala ser slik ut per i dag:

Kommune  Personar med stemmerett Førehandsstemmer
Hå  13 981 1518 (10,86 prosent)
Klepp 14 384 1729 (12,02 prosent)
Time  14 216 1251 (8,8 prosent)

Ungdommane er på banen

Det som er særs gledeleg er engasjementet blant ungdommen. Så langt har 21,1 prosent av 16- og 17-åringane i Hå førehandsstemt, 8,46 prosent av same aldersgruppa i Klepp, og 9,18 prosent av 16- og 17-åringane i Time har førehandsstemt.

Tala frå Hå utmerker seg ved at over ein femtedel av 16- og 17-åringane her har stemt. Ved folkeavstemminger om kommunesamanslåing andre stader i landet, har valdeltakinga blant 16- og 17-åringane vore på 20 prosent. Det talet har Hå passert allereie før valdagen.

Ungdomsrådet i Hå (URÅ) har engasjert seg i å oppmoda dei unge til å bruka stemmeretten, og det ser ut for å ha gitt resultat. Tidlegare i vår laga dei ein film for å engasjera ungdommen. Den finn de her: https://www.youtube.com/watch?v=FbWfu4oCjs0&feature=youtu.be

Førehandsstemminga held fram til 22. april kl 15.00 i Klepp, og resultata vert kjende etter at vallokala stenger kl 21.00 den 25. april .

- av Hilde Eidsaa Bjorland