Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Stenging av skular og barnehagar

Alle barnehagar og skular i Klepp stenger ordinær drift frå og med kl 18.00 torsdag 12.03. til 26.03.20 kl. 20.00.

Alle barnehagar og skular skal ha eit omsorgstilbod til born i barnehage og elevar på 1.-4. trinn, som har foreldre/føresette som arbeider innanfor helse - og omsorgstenester og andre kritiske samfunnsfunksjonar. I tillegg skal ein unngå at personar i risikogrupper vert brukt til barnevakt.

Særskilde omsorgsbehov
Det same gjeld for born med særskilde omsorgsbehov som ikkje kan ivaretakast når barnehage, skule eller andre dagtilbod er stengt.
Foreldre/føresette må melda frå til den aktuelle barnehagen/skulen, dersom dei meiner at bornet har rett på eit omsorgstilbod.

Dette omsorgstilbodet gjeld ikkje viss:

• du er i karantene
• bornet har ein annan omsorgsperson som ikkje har eit slikt yrke

Opplæringstilbod når skulen er stengt
Skulane får ansvar for å driva eit opplæringstilbod for dei øvrige elevane på 1. til 10. trinn, der dei legg til rette for at elevane utfører skulearbeid heime. Det vil seia at lærarane driv undervisning gjennom digitale kanalar.

Foreldrebetaling ved stengte barnehagar og skular
Dette gjeld all foreldrebetaling til barnehage, SFO og skulemåltid/kantineordning:

1. Betal fakturaen du har fått tilsendt for mars månad som vanleg.
2. Du skal få tilbakebetalt det du ikkje får nytta deg av på grunn av stengt skule/barnehage. Me kjem tilbake til tidspunkt.
3. Me avventar situasjonen framover. Så lenge skular og barnehagar er stengt, vil me ikkje senda fleire fakturaer med foreldrebetaling.
4. Regjeringa kunngjorde 17. mars at foreldre slepp å betala for barnehage og SFO så lenge tilbodet er stengd grunna koronautbrotet. Barnehagane får kompensert dette tapet fullt ut av staten. Les meir her.

 

Råd om sosial kontakt
Korleis skal born og ungdommar forhalda seg til kvarandre?

Det er ikkje gunstig at store gjengar held seg rundt på kjøpesenter, eller på andre stader som inneber smittefare.

Imidlertid tyder ikkje dette at alle born er sett i karantene. Det er lov å bevega seg ut av huset. Born av foreldre som ikkje kan ha heimekontor, er framleis i skular og barnehagar og omgås kvarandre der.

Me må både sikra at dei inngripande smitteverntiltaka får virka, men og sikra at barn har det greitt i denne fasen.

Mangel på struktur og rammer er utfordrande for barn og unge, spesielt for dei som er i risiko frå før av.

I tillegg er det ekstra viktig at me i denne fasen er merksame på dei som kan falla utanom, og hjelpa kvarandre til å handheva tiltaka på ein god måte. Me må ikkje konkurrera om kven som er best til å passa på, men heller tenka på korleis me kan bidra til at dette blir den store fellesdugnaden me treng.

Me har følgande oppfordring:

  • Følg karantenereglar.
  • Ikkje la ungane treffa andre når dei har luftvegssymptom, sjølv milde symptom som du elles ville sendt dei på skulen med.
  • Bry deg om dei du har rundt deg, ikkje berre dine aller næraste.
  • Innandørs bør ein sterkt begrensa antallet barn som leiker saman. Helst bør leiken foregå utandørs. Større samlingar med barn er sterkt fraråda. 
  • For å ta vare på barns behov for leik med andre barn kan dei ha ein til to faste leikevenner og halde seg til de same leikevennene gjennom denne perioden. Det gjeld også for ungdom.

 Meir informasjon får helsenorge.no