Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

Statsministeren besøkte Kleppheimen

Tysdag 25. april blei statsminister Erna Solberg orientert om arbeidet ved kjøkkenet på Kleppeheimen.

Kleppeheimen serverer alminneleg, heimelaga mat til eldre på institusjon og heimebuande. Dei brukar ferske og gode råvarer. Sparer ikkje på fløte og smør. 

Dei lagar middag til ca 175-190 personar og leverer ut ca 45 porsjonar til heimebuande kvar dag.

Maten blir laga etter kok kjøl/sous vide prinsippet. Då blir næringsstoffa i råvarene best tatt vare på. Dei har ikkje eige diettkjøkken, men prøver å strekka seg langt for å dekka brukarane sine behov. Tilbyr variert glutenfri middag.

Heimebuande får ein 7 dagersmeny som dei kan velja frå. Det blir leveret ut mat 2 gonger i veka. Kjøkkenet har 4,8 årsverk. 

statsminister Erna Solberg

Erna helsar på leiar i hovudutval for helse og velferd og varaordførar

Erna og varaordførar

mat i poser

kjøkkenet

politikarar og administrasjon