Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Søk om koronamidlar til næringslivet

Er bedrifta di ramma av smitteverntiltaka? Då kan du søke kommunen om støtte.

Klepp kommune har fått tildelt i overkant av 1,8 millionar kroner i ekstraordinære statlege koronamidlar for støtte til næringslivet. Vi oppfordrar alle relevante verksemder til å søke.

 

 Søknadsfristen er 26. april 2021

 

 Kven kan søke?

  • Alle verksemder i Klepp kommune som er, eller har vore hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak kan søke.

 

  • Verksemder som har hatt auka kostnadar eller tap som følge av smitteverntiltak og nedstengning, eller som av ulike grunnar fell utanfor andre kompensasjonsordningar vert prioritert.

 

  • Denne løyvinga fungerer og som ei ventilordning/nødhjelpsordning for føretak og gründerbedrifter som heilt eller delvis fell utanfor den generelle kompensasjonsordninga.

 

  • Det kan og givast støtte til destinasjonsselskap og andre fellestiltak for reiselivet, samt autoriserte besøkssenter for natur og verdensarv, som på grunn av pandemien har stor omsetningssvikt i 2021.

 

Tildelingsbrevet frå kommunaldepartementet kan ein lesa her.

 

Kor mykje kan du få?

Søknadane vert vurderte og tildeling skjer etter ulike kriteriar basert på størrelsen til verksemda, dokumenterte utgifter eller inntektsbortfall knytta til restriksjonar, mangel av kompensasjon gjennom andre ordningar og mulege ringverknadar.

 Den totale summen er 1,8 millionar kroner og den skal fordelast på fleire aktørar.

 

Korleis kan eg søke?

Svar så godt du kan på følgjande søknadsskjema:

Send søknaden snarast og innan 26.04.2021 til postmottak@klepp.kommune.no. Søknaden må merkast 21/00966 næringsavdelinga.

 

Når får vi svar?

Endeleg vedtak om tildeling vert bestemt av formannskapet 7. juni 2021, og utbetaling vil starta så raskt som muleg etter dette.

 

Generelt:

 

Den økonomiske støtta er å ansjå som offentleg støtte og fell inn under regelverket for bagatellmessig støtte. For å kunne motta midlar frå kommunen, kan ikkje verksemda ha mottatt meir enn 200 000 euro i støtte frå det offentlege dei seinaste tre regnskapsåra. Det er verksemda sitt ansvar å følge opp totalbeløpet og halde seg innanfor rammen.

 

Midlar mottatt gjennom den generelle kompensasjonsordninga for korona, er ikkje å rekna som bagatellmessig støtte.

 

For meir informasjon kontakt:

 John-Erik Rørheim

Næringssjef

Mob: 476 32 323

john-erik.rorheim@klepp.kommune.no