Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Felles luftvegslegevakt for Sandnes, Gjesdal, Klepp, Time og Hå

Dei fem kommunane går saman om felles luftvegslegevakt frå måndag 16. mars klokka 08.00.

Luftvegslegevakt
Luftvegslegevakta er på Kleppetunet i Olav Hålands veg 2, i lokala til Klepp og Time legevakt.

Denne legevakta er berre for personar med symptom på luftvegssjukdom som treng legetilsyn. Helsepersonell vil avgjera om pasientar skal testast. Testing er per i dag begrensa til svært få pasientgrupper.
 
Her er Folkehelseinstituttet sine kriterier for kven som kan testast. 

Pasientane vil bli undersøkt inne på legevakta eller i telt utanfor på parkeringsplassen. Du får beskjed om kor du skal møta. Følg skilting på staden.

Ordinær legevakt
Øvrige personar med akutt behov for legetilsyn, blir tekne hand om av dei ordinære legevaktene i Sandnes og Hå. Hå legevakt undersøker innbyggarar frå Time og Hå. Sandnes legevakt undersøker innbyggarar frå Klepp, Sandnes og Gjesdal.

Ikkje ring legevakta viss du er frisk!
Det er viktig å halde linjene opne for dei som er akutt sjuke eller skada. Har du lette forkjølelsessymptom, ikkje ring legevakt men hald deg heime.

Har du spørsmål om korona, ring Folkehelseinstituttets informasjonstelefon: 815 55 015.

Kva gjer du viss du treng legetilsyn?

  • Kvardagar kl 08-15: Ring fastlegen din
  • Helg kl 08-23 og kvardagar kl 15-23: Ring legevakt på 116 117
  • Nattestid heile veka kl 23-08: Ring legevakta 116 117

    Du vil få beskjed om kor du skal møta opp.
    Ingen skal møta opp utan å ringa fyrst!

    Ved akutt behov for medisinsk hjelp: Ring 113

 

Ordninga med felles luftvegslegevakt gjeld inntil vidare.

Information in other languages.