Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Smitte blant russ

Alle som har delteke i russefeiring må testa seg.

Det blei måndag kveld registrert seks smittetilfelle hjå russ på Nord-Jæren. Smittesporing pågår, og vil avdekka om personar frå Klepp må i karantene som følge av dette.

Det er usikkert kor mange av russekullet på 2500 ungdommar som har delteke i feiringa den siste tida. Oppfordringa til russen er at dei innstiller treff og rulling fram til situasjonen er avklart.

Alle som har delteke i russefeiring må ta test to gonger, med fem dagars mellomrom, og halde seg i heimekarantene til det foreligger negativt svar på første test.

Blir du rekna som nærkontakt til ein som er smitta, må du vera i karantene i 10 dagar uavhengig av om første test er negativ. 

Husstandsmedlemmar utan symptom treng ikkje testa seg og kan gå på jobb etc. som vanleg. Det er viktig at alle som får symptom, testar seg.