Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook

  • Language

Små og store byggetiltak

Er byggetiltaket ferdig? Ver merksam på at også tiltak som er unnateke krav om ansvarsrett (tidlegare kalla ’meldingssaker’) krev ferdigattest. Dette gjeld løyve gjeve etter 01.07.2010. Tiltakshavar må sende melding til kommunen når tiltaket er utført.

Det kan nyttast blankett, eller det kan sendast ein e-post til postmottak@klepp.kommune.no med melding om at tiltaket er ferdig og utført i samsvar med løyve og føresegner. Er det gjort endringar på tiltaket som ikkje er varsla eller omsøkt, så må dette gjerast greie for i ferdigmeldinga. Legg ev. ved oppdatert dokumentasjon.

Bygning og tilbygg som er unnateke søknadsplikt skal og meldast til kommunen for oppdatering av kart. Bruk eigen blankett for dette. Legg ved situasjonskart med tiltaket innteikna.

Ta kontakt med byggesaksavdelinga dersom du lurer på noko.