Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Skatteinntekter 2017

I 2017 blei skatteinntektene i Klepp på 526,4 millionar. Opprinneleg budsjett var på 540 millionar.

I 2016 var skatteinntekta til kommunen på 534 millionar. Nedgangen frå 2016 er 1,44 %. Skatteinntekta i 2017 blei 5,3 millionar høgare enn siste reviderte budsjett på 521 millionar.

Hovudårsaka til den svake utviklinga er liten vekst på 1,9 % i innbetalinga av skattetrekk frå lønsmottakarane i kommunen, redusert forskotsskatt på 15 %, og redusert restskatt på 24 %.

Regjeringa la opprinneleg til grunn ein vekst på 1,5 % for kommunane samla i 2017. Veksten blei justert ned til 1 % i revidert nasjonalbudsjett, for så å bli justert opp til 3,3 % i oktober. Endeleg skatteinngang gav ein vekst på 4,52 % i 2017 for kommunane samla.

Klepp ligg nå på omlag 93,3 % av landsgjennomsnittet mot budsjettert 98 %. I 2014 låg Klepp på 105,2 % av landsgjennomsnittet. Klepp blir kompensert med omlag 60 % av forskjellen mellom eiga skatteinntekt og langsgjennomsnittet. Kor mykje dette utgjer blir kjent i medio januar.

Klepp kommune sitt rekneskap for 2017 vil bli presentert for kommunestyret 19. februar.