Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Skambankt får kulturprisen

Hovudutval for lokal utvikling har vedteke å tildela kulturprisen for 2018 til rockebandet Skambankt.

Rockebandet Skambankt blei starta i 1994 av 3 ungdomar frå Klepp: Terje Winterstø, Tollak Friestad og Hans Egil Løe. Dei blei relativt raskt utvida til 4, då Tom Erik Løe og blei med. Alle har bakgrunn frå Storhaug musikksenter, kommunen sitt eige bandsenter. Dei 3 opprinnelege medlemmene er framleis med i bandet.

Bandmedlemmane bur framleis i distriktet, men ikkje i Klepp. Bandet er eit av dei leiande i Skandinavia innan sin sjanger og reknast av mange for å vera Noregs beste live-band. Bandet har 5 plater og ein EP bak seg. Dei har spelt på nær sagt alle større musikkscenar og festivalar i Noreg, på Roskilde-festivalen i Danmark, ei rekkje større scenar og festivalar i Europa og dei har vore oppvarmingsband for AC/DC på konsert på Valle Hovin i 2009. Bandet blei tildelt Spotify-prisen under Spellemannsprisen 2013. Sjølv om medlemmene ikkje lenger bur i Klepp lenger, markedsfører dei med stor tyngde at dei er eit rockeband frå Klepp og dei syng alle songane på Kleppdialekt. Som band er Skambankt i ein musikalsk elitedivisjon i Noreg og har plassert Klepp på det nasjonale rockekartet. 

Sjølve tildelinga vil etter planen gå føre seg under ordføraren sitt nyttårstreff i rådhuset 1. nyttårsdag 2019.

Me gratulerer!