Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook

  • Language

Samarbeid i barnevernet, på tvers av kommunegrensene

For å få betre tenester og betra måten å nytta ressursene på, har Hå, Klepp og Time kommunar nå ei felles tiltaksavdeling i barnevernet.

Tiltaksavdelinga skal gje tilbod og gjennomføra tiltak retta mot familiar som treng hjelp frå barnevernet.  Dei som treng det skal få den same hjelpa uavhengig av kva for ein av dei tre jærkommunane familien bur i.  Når ein får samla fleire ressursar i ei større avdeling så kan barnevernet hjelpa fleire på kortare tid.  Det vert også lettare å setta inn tiltak tidlegare enn før fordi det er fleire tilsette å spela på.  Leiaren av tiltaksteamet er Beate Dyskeland.  Ho er glad for at arbeidet med å få alle brikkene på plass er så godt i gang.  

Torsdag 19. januar inviterte barneverntenesta i Time dei tilsette i barnevernavdelingane i Hå og Klepp til frokostsamling for å markera oppstarten for den nye avdelinga. 

Arbeidet med å etablera ei felles tiltaksavdeling i barnevernet starta med ein diskusjon i Jærrådet, kor ordførarar, varaordførarar og rådmennene i Sandnes, Gjesdal, Klepp, Hå og Time er med.  Resultatet av denne diskusjonen er at Sandnes og Gjesdal starta eit samarbeid og at Hå, Klepp og Time har etablert interkommunal tiltaksavdeling.  

I tiltaksavdelinga er det for tida 8 tilsette.  Dei tilsette i tiltaksavdelinga for Hå, Klepp og Time er tilsette i barneverntenesta i Time og har kontorplass i Time rådhus.

barnevern, åpning felles tiltaksavdeling

barnevern, åpning felles tiltaksavdeling

barnevern, åpning felles tiltaksavdeling

Tekst og foto: Synnøve Obrestad Skrettingland, Time kommune