Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook

  • Language

Rekneskap 2016

Foreløpig rekneskap for Klepp kommune er gjort opp med eit netto driftsresultat på 61 millionar. Ingen etatar/tenesteområde eller investeringar hadde vesentleg meirforbruk.

Foreløpig rekneskap for Klepp kommune er gjort opp med eit netto driftsresultat på 61 millionar.  Udisponert overskot/mindreforbruk er 18,7 millionar.  Hovudårsaka til overskotet er 14 millionar i ekstraordinære skatteinntekter.  Ingen etatar/tenesteområde eller investeringar hadde vesentlege meirforbruk.

Drifta
Netto driftsresultat blei 61 millionar, mot eit budsjett på 13,6 millionar, og 50 millionar i 2015. I prosent av driftsinntekta er dette på 4,6 %, mot ei målsetting på 1,5 %.

Årsaka til det gode resultatet er meirskatteinntekt i Klepp på 14 millionar, meir i skatteutjamning grunna god skattevekst i andre kommunar, overskot på etatane/tenesteområdet, og høgare tilskot til flyktningar.

Skatteinntekta blei på 534 millionar, mot opprinneleg budsjett på 546 millionar og revidert budsjett på 520 millionar. 2016 var prega av svak skatteutvikling med redusert innbetaling av skatt frå arbeidsgjevarar, grunna lågare aktivitetsnivå i regionen.
Auka restskatt, oppgjer av margin, og endra fordelingstal gav vekst i skatteinntekta.

Skatteinntekta vart på 98 % av landsgjennomsnittet mot 105 % i 2014. Som følgje av god skattevekst i resten av landet fekk Klepp 1,6 millionar meir i rammetilskot enn budsjettert.

Alle etatar og tenesteområde brukte mindre enn budsjettramma. Udisponerte middel blir i samsvar med økonomireglementet avsett til hovudutvala sin disposisjon. Budsjetta og avvika var slik:

  Brutto regnskap  Overskudd  % overskudd
Sentraladministrasjon      55030        28   0,05 %
 Skule og barnehage    538860    5733   1,06 %
 Helse og velferd    481329     4275  0,89 %
 Lokal utvikling    146596     3794   2,59 %
 T O T A L T   1221815  13830   1,13 %

Udisponert overskot/mindreforbruk vart 18,7 millionar mot 18,1 millionar i 2015.

Investeringar
Det blei investert for 153 millionar i 2016. Av dette var 45 millionar anlegg overtatt frå private gjennom utbyggingsavtalar. Investeringane blei finansiert med 69 millionar i bruk av lån, 52 millionar i tilskot, 11 millionar i kompensasjon frå merverdiavgift og 17 millionar overført frå drifta.
Det blei lånt ut 17,4 millionar i startlån finansiert med lån frå Husbanken.

Eigedelar og gjeld
Anleggsverdiane for Klepp kommune er bokført til 3,1 millardar. Omløpsmidla er på 416 millionar, kortsiktig gjeld 166 millionar og langsiktig lånegjeld 922 millionar. Eigenkapitalen er på 1,1 millard. Av den er 177 millionar disponible fond og udisponert overskot.