Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Reinare vatn på Jæren

Nå er det ikkje lenger lov å gjødsla med husdyrgjødsel seint på hausten. Dette er eit viktig grep for å få reinare vatn på Jæren.

Høyring - kulturplan 2020-2031

Hovudutval for samfunn og kultur vedtok i møte 23.06.20 (sak 44/20) samrøystes å senda forslag til kulturplan ut på høyring med høyringsfrist 15. september

Kulturplanen tar for seg ulike tema innan kulturfeltet, i hovedsak retta mot det lokale kulturlivet. Det er foreslått 5 mål og hovudtema i planen:

- Kultur for alle
- Aktiv kulturformidling og mangfald av kulturopplevingar
- Attraktive kulturarenaer og funksjonelle lokale
- Høg frivillig verdiskaping
- Vekst innan kultur-næringsutvikling

Kulturplanen er utarbeidd som ein temaplan og byggjer på kommunen sin visjon
«Med blikk for alle». Planen er å forstå som ei utdjuping og konkretisering av visjonen på kulturområdet og skal følgjast opp gjennom årsplanar for kulturområdet og for dei ulike tenesteområda, der det er aktuelt.

Kommunen ønskjer innspel og kommentarer til planforslaget velkomne!

Høyringsfrist er 15.09.2020.

Merknader til planen kan sendast til: postmottak@klepp.kommune.no

Møtebok frå hovudutval for samfunn og kultur 23.6.20

Kulturplan 2020-2031 - høyringsuttkast

Høyring - barnehagebruksplan 2020-2032

Kommunestyret har bestilt ny barnehagebruksplan på grunnlag av at forutsetningane i barnehagebruksplan av  2018 er endra. Barnetalet skulle etter plan av 2018 nå vore stabilt, men i staden har kommunen fått ytterligare reduksjonar i barnetala både i 2019 og 2020. Barnehagebruksplan av 2020-2032 er i samsvar med de nye barnetala (framskrivingar). Planen skal behandlast 20. august i hovudutvalet,  24. august i formannskapet t og 7. september i kommunestyret.
Høyringsbrev barnehagebruksplan (NB! Merk utsett høyringsfrist til 13.06.20)

Barnehagebruksplan 2020-2023

Nasjonale føringar

Oversiktskart 

Tabell over bygningar

Høyringsfrist: forlenga til 13.06.2020

Send høyringsmerknader på e-post til: postmottak@klepp.kommune.no

Planprogram for dobbeltspor på Jærbanen på strekninga Sandnes - Nærbø

Det skal planleggjast dobbeltspor på Jærbanen. BaneNor har utarbeidd forslag til planprogram. Forslaget er nå lagt ut på høyring.

Høyringsfrist er 1. september 2020

Forslaget til planprogram og meir informasjon finn du her.

Høyring - nye krinsgrenser for skulekrinsane Bore, Kleppe og Kleppeloen skular

Rådmannen har utarbeidd to framlegg til nye krinsgrenser for skulekrinsane Bore, Kleppe og Kleppeloen skular. Dette vert nå sendt ut på høyring.

Nytt høyringsbrev - utsett frist 

Føreskrift om skulekrinsgrenser - Klepp kommune

Framlegg 1 - endra skulekrinsar

Framlegg 1 - kart over nye krinsgrenser 

Framlegg 2 - endra skulekrisar

Framlegg 2 - kart over endra skulekrinsar

Send høyringsmerknader på e-post til: postmottak@klepp.kommune.no

Høyringsfrist er 15.05.2020 

  

Ope møte om planar for gåande og syklande på Anda/Klepp stasjon

Med bakgrunn i høyring av områdeplan for Anda, jobbar Klepp kommune med eit endra konsept for gåande og syklande på Anda/Klepp stasjon.

Planavdelinga inviterer til eit ope møte torsdag 5. mars kl. 18.00 i gymsalen på Engelsvoll skule.

Kommunen vil gå gjennom endringane i områdeplan for Anda.

Informasjon om endringar

Foreløpig plankart

Eldre dokument i saka finn du her

Kommunal planstrategi 2020-2023

Formannskapet vedtok i møte 03.02.2020 (sak 5/20) å gjere forslag til planstrategi for perioden 2020-2023 offentleg kjent.

Forslag til planstrategi

Med heimel i plan- og bygningslova §10-1 skal planstrategien offentleggjerast før endeleg behandling slik at det skal vera høve til å kome med merknader til forslaget.

Merknader og innspel kan sendast til postmottak@klepp.kommune.no

Frist for merknader og innspel er 09.03.2020

Høyring - stenging av Kåsenvegen - vurdering av behov

Hovudutval for samfunn og kultur vedtok i møte den 10. desember 2019 at  

saksframlegg, sak 2019/1185 stenging av Kåsenvegen - vurdering av behov

skal leggas ut på høyring.

Høyringsfrist er satt til 20. januar 2020. Dersom nokon har kommentarer til saksframlegget må dei sendast til Klepp kommune, kommunalteknikk innan høyringsfristen.

Budsjett for 2020 / Økonomiplan for 2020-2023

Måndag 2. desember blei økonomiutvalet sitt forslag til Budsjett for 2020 / Økonomiplan for 2020-2023, i medhald av kommunelova §§ 44 og 45, lagt ut til høyring på på kommunen si nettside og på biblioteket i Klepp rådhus.

Formannskapet behandla Budsjett og økonomiplanen 2. desember, og endeleg vedtak skal gjerast i kommunestyret måndag 16.desember.

Matrikkel og grunnbok vert stengd i desember 2019

Grunna kommune- og regionreformene som trer i kraft frå nyttår vil matrikkel og grunnbok vere stengd i slutten av desember 2019. Dette får følger for tinglysing og kommunen si saksbehandling.

Høyring av ny forskrift "Påslipp av fettholdig avløpsvatn til offentlig avløpsnett"

Hovudutval for samfunn og kultur i Klepp kommune vedtok i møte 26. november sak 103/19 å legge ny forskrift ut på høyring. Høyringsfrist settes til 1. mars 2020. 

Sak 103/19 protokoll

Saksframlegg 103/19 Forskrift - påslipp av fettholdig avløpsvatn til offentlig avløpsnett.

 Forskrift - påslipp av fettholdig avløpsvatn til offentlig avløpsnett.

 

Ny forskrift "Avgrensing av spredeperiode for husdyrgjødsel og annen organisk gjødsel"

Det er ikkje lenger lov å gjødsla med husdyrgjødsel etter 1. september, heller ikkje om gjødsla vert molda ned. Dette for å få mindre gjødsel ut i elver og bekkar. Målet er å få reinare vatn på Jæren.

Dette er eit viktig grep som bøndene tar, og dei fleste er positive til dette då det ikkje er behov for å gjødsla seint på hausten.

Kommunstyret i Klepp vedtok i møte 17. juni sak 51/19 - Lokal forskrift om husdyrgjødsel.

Forskrifta gjeld frå 1. juli.
Du kan lesa meir om dette på vannportalen.no

 

 Traktor

Reguleringsplanar

Varsel om regulering / Under behandling / Offentleg ettersyn / Nyleg vedtekne planar

Barnetråkk

Barnetråkkrapport frå 2018