Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Registrering av fuglar

I slutten av mai og starten av juni vil Norsk Ornitologisk Forening registrera fugl i jordbrukslandskapet i Klepp kommune.

Arbeidet skjer på tilfeldig utvalgte flater på 1 km2, tidleg om morgonen. I samband med dette vil ein kunna sjå personar som oppheld seg jordbrukslandskapet.

Arbeidet er væravhengig, og det vil ikkje bli varsla på førehand om når og kvar registreringa skal skje.

Jordbruksflatene som er med i prosjektet er anonyme for offentlegheita, og vil bli nytta i regional og nasjonal statistikk. Arbeidet vil halde fram i åra som kjem, og flatene vil få besøk igjen om lag kvart tredje år. 

Regsitreringa blir gjort på oppdrag frå Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO).